Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Ball-leik for dei minste
Kvar tysdag blir det ball-leik for dei minste på Bordholmen. Start tysdag 3. mai kl 18.00, og opplegget er for born som er født i 2003, 2004 og 2005. Alle som blir med får utdelt ein utstyrspose med fotball, drikkeflaske, fotballstrømper, shorts og T-skjorte. Etter kvart skal alle få eiga fotballdrakt. Dette opplegget skal være leik og moro, og målet er å stille eige lag under Todalsdagen 2. juli. Trenarar er Knut Bergli og Ivar Helge Kvendset.
Les heile sakaTap, men mye positivt i første seriekamp
Fotballsesongen har starta, og G14-laget til STKU åpna mot Batnfjord/Reinsfjell 27. april. På heimesidene til IL Søya finn vi fyldig referat av kampen frå Bjørn Hauglann. Kampen endte med 2-3 tap, men guttene viste mye positivt. For å lese heile referatet, besøk IL Søyas heimesider. Neste kamp er på Søyabanen 4. mai.

Vèrguden og Jorid slo til!
Dagens Kjerringdilt gjekk av stabelen på Skihytta i strålande påskesol i dag. Vel 50 mann møtte opp på dette årlege arrangementet til skihytte komiteèn og Trimgruppa. Folk kom både utafrå, innafrå og nedafrå for å prøve å hente heim den gjeve pokalen. Ingen kunne skylde på veret, men føret var kanskje litt kleinare, i allefall i nedoverbakk.
Les heile saka
Kjerringdilten – langfredag
Langfredag er det klart for valfarting til Skihytta på Ørsalfjellet. Den tradisjonelle Kjerringdilten startar kl 13.00, og arrangementskomiteen reknar med god deltaking. Det blir både langrenn (idealtid) og hopprenn, og det blir sågar høve til å ta skimerket. Vandrepokal og premiering. Salg av forfriskningar i kiosken.
Les heile saka
Nye toalett i ungdomshuset
I Ungdomshuset er det full sjau med snekkering og rørleggararbeid for tida. Da Ungdomshuset vart renovert i samband med jubileumsfeiringa i 2008 var det ikkje tid og økonomi til å ta med toaletta i renoveringsplana. På årsmøtet i Todalen Idrettslag vart det bevilga pengar til til dette arbeidet, og no er altså arbeidet i full gang.
Les heile saka
Fine forhold på fjellet
Arnt Ivar Brøndbo i skutergruppa til T.I.L. rapporterer om fine forhold på fjellet. Det er kjørt opp nye skuterspor fredag, og når en kjem på høgde med Tristeinan er det fint silkeføre! Det er kjørt opp spor til talgøsetra, Tristeinan og opp på Midtryggen. Videre er det spor utover til Skihytta og ned til Ungdomshuset. […]

Med Johan til Birken
Vi har tidlegare hatt innslag om Johan Kvendset som gikk Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer forrige helg. Han vart nr 10 i klasse M75 (75-79 år), og det synes vi er ein flott prestasjon. Vi har mangla bilde frå løpet, men no har vi fått nokre bilde frå Gisle Haugen som var der saman med resten av familien for å servere spesiallaga havresuppe. Og det gjorde susen!
Les heile saka
Spreking med på Birken
Johan Kvendset er einaste deltakar i Birkebeinerrennet frå Todalen I.L. i år. Løpet går frå Rena til Birkebeineren stadion i Lillehammer, og er på 54 km i klassisk stil. Ein går med sekk på minst 3,5 kg gjennom heile løpet. Deltakarantalet er rundt 16000, og altså Johan Kvendset som einaste todaling. Han kom i mål på tida 4.41.26, som var god margin for å klare merket, og vart nr 10 i klasse M75 (75-79 år).
Les heile saka
Årsmøtet unnagjort
20 personar møtte i går kveld til årsmøte i Todalen Idrettslag i Todalen Ungdomshus. Leiar Nils Ove Bruset ønska dei frammøtte velkomne, før valgt møteleiar John Moe tok over.
Todalen Idrettslag har om lag 220 betalande medlemmar, og gjekk også i 2010 med overskot på vel 230 000 kroner. Dette mykje på grunn av Todalsdagen som fotballgruppa arrangerer. Fotballgruppa er ut i frå dei ulike gruppene sine årsmeldingar også den mest aktive undergruppa i laget, med både 17. mai frokost, 3.dagsfest, og nevnte Todalsdag.
Les heile saka
Hugs: Todalen IL – årsmøte fredag
Årsmøte i Todalen idrettslag blir halde i Todalen ungdomshus fredag 18. mars 2011 kl 1930. I tillegg til vanlege årsmøtesaker står står det bygging av ny lysløype på saklista. Her kan du laste ned fullstendig saksliste for årsmøtet. Styret i Todalen idrettslag
Slutt på ”Barn i løypa” for i år
I ein e-post frå Skigruppa til Todalen.no står det: «Det minkar både på skiføret og oppmøtet i lysløypa, så skigruppa har bestemt seg for å avslutte barn i løypa for denne gongen. Det har vore ”barn i løypa” sju gonger denne vinteren og 43 barn har vore med. Vi oppfordrar likevel ikkje til å sette bort […]

Barn i løypa i kveld!
Det blir «Barn i løypa» i lysløypa i kveld kl 18.00. Leder i skigruppa, Frode Grønmyr, fortel at det er fine forhold i lysløypa no. Det er fortsatt problem med lysanlegget, men det er no lyst litt utover kvelden. Det kan kanskje være lurt å ta med hodelykt. Elles blir det høve til å ta […]