Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Volleyball i kveld
Ola Kvendset melder om at det er gjort forsøk på å arrangere volleyballkveldar på Bordholmen. Dette er på måndager frå klokka 21 og utover. Det har tidlegare vore sagt oppstart 20, men med håp om å få med enda fleire flyttar dei det no fram ein time frå og med i kveld. Så da er det […]
Les heile saka
Trollheimsmarsjen – søndag 28. august
Søndag 28. august er det klart for ny Trollheimsmarsj igjen, melder Kari Kvendset i Todalen I.L. Det blir den fjerde i rekkja, og det er lurt å sette av helga til formålet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, med Trollheimstunnelen som sponsor. Årets Trollheimsmarsj følger tradisjonelt opplegg med start på Bordholmen stadion i […]

Solsenga i drift igjen
Todalen I.L. melder at solsenga i gamle postkontoret er i drift igjen etter en liten reparasjon. Solsenga har myntautomat og det koster kr 60 for 20 minutter, og kr 30 for 10 minutter.

Lopper i lange baner…
Torsdag kveld kom det inn lopper på løypande band til loppemarknaden på Bordholmen. Sjefsloppa sjølv, Borghild Talgø, var på plass og tok i mot dei som hadde lopper å levere. Ho oppfordra alle til å sjå gjennom kjellar og loft, og skuffer og skap etter lopper. Det er innlevering torsdag kveld, fredag kveld og det går også an å levere på laurdag. Dersom du har behov for hjelp er det berre å ringe Borghild Talgø på tlf 908 41 614 eller Jostein Bruset på tlf 416 21 177. Dei tek i mot alt muleg av gangbare lopper. Loppemarknaden startar laurdag kl 11 og er ope heile dagen.
Les heile saka
Todalsdagen 2011
2. juli er det klart for Todalsdagen 2011, med fotball, grilling og loppemarked. Her kjem kampoversikta for Todalsdagen 2011, med forbehald om mindre endringar og upresise lagnavn. En del klasser er få eller et påmeldt lag, og vi har matchet disse med passende motstandere så godt som mulig. Ta kontakt om det er noe du […]
Les heile saka
Dugnadsgjengen fikk arbeidet unna
Det var ein effektiv gjeng som var samla til dugnad på Bordholmen tysdag kveld. Det har vore tradisjon i over 40 år å rydde og fiffe opp anlegget til Todalshelga, som seinare vart Todalsdag som no skal arrangerast førstkomande laurdag. Med eit skikkeleg skippertak får ein gjort mykje på ein kveld som dette, sa Bjørn Hauglann som er stemnegeneral for niande året på rad. Tysdag kveld var det eit førtitals frammøtte, med massevis av utstyr og redskap av ymse slag. Dugnadgjengen vart delt i fleire arbeidslag, der nokre rydda kratt og skog, medan andre dreiv slått eller målinsgarbeid. Og eit par gjengar sette opp nytt solid gjerde rund heile Bordholmen stadion.
Les heile saka
Dugnad på Bordholmen tysdag kveld
Tysdag kveld blir det dugnad på Bordholmen frå kl 17.30 og utover. Det er fotballgruppa og banekomiteen som er arrangør, og dei treng 10 sterke menn med slegge og spett, og de som føler seg kvalifisert stiller med slik utstyr, skriv Bjørn Hauglann til Todalen.no. 4 menn skal spikre ny utgard rundt Bordholmen, og det vil stå kappsag, spikarpistol og kompressor klar til bruk.
Les heile saka
Hustra St. Hans-feiring
Vergudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side under arrangementet av St Hans feiringa no i kveld. Litt nedbør og sur vind gjorde nok sitt til at ikkje så mange tok turen nedover til fellesarrangementet som Idrettslaget stod for. Dei held varme grillar, medan dei oppmøtte orda med grillmaten sin sjølv. I kiosken var Svein og Karen med nystekte bakels med smørgraut.
Les heile saka
St. Hans på Bordholmen
Todalen I.L. inviterer bygdafolket til St. Hans-feiring på Bordholmen torsdag 23. juni kl 18.00. Det blir ordna med varme på grillen og kiosken er open for salg av kaffe, is og brus. Ta med eigen grillmat! Fritt leide for borna med fotball, leik og bruk av trøbilane. Alle er velkomne!

Lopper til Todalsdagen
No er det tid for å rydde i skuffer, skap, loft og kjellar for å finne fram lopper til Todalsdagens store loppemarknad, seier Jostein Bruset og Borghild Talgø i «Loppekomiteen». Vi tek i mot lopper onsdag 29., torsdag 30., samt fredag 1. juli på Bordholmen. Treng du hjelp kan du ringe til Borghild 908 41 614 […]

Loddsalget fortsett
Martin og Karoline dreiv loddsalg ved ICA Todalen laurdag føremiddag. Det er førehandssalg for SuperLotteriet til Todalsdagen, og dei fortalte at loddane gikk unna. Søndag ettermiddag var Trym og Ingebrigt på plass for å selge lodd. Jobben går på omgang.
Les heile saka
Prestisjeoppgjør på Bordholmen tirsdag
Tirsdag kveld blir det et prestisjeoppgjør på Bordholmen. G16 har da hjemmekamp mot Surnadal. Fra Knut Haugen har vi fått kampinfo, og han skriv: «Søya/Todalen/Kvass/U G16 spiller tirsdag 21. juni hjemmekamp mot Surnadal på Borholmen stadion i Todalen. Dette er et meget prestisjefylt oppgjør, der spillere som er kompiser på skolen skal kjempe mot hverandre […]