Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Snart er det seriestart for G14
Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G-14 gjorde ein fin innsats under Norway Cup tidlegare i sommar. No er det snart tid for seriestart, og frå Ingri Bruset har vi fått tilsendt påminning og bilder som er teke av laget under Norway Cup. Ho skriv i e-posten: «Sender bilete av G14-laget til Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen som var på Norway Cup. Det er tre todalingar som er med på dette samarbeidslaget. Dei hadde eit fint opphald i Oslo, og heile laget hadde det kjekt ilag såg det ut til.»
Les heile saka
Sykkeltrimmen startar på igjen
Trimgruppa i Todalen I.L. melder at dei startar på med sykkeltrim igjen onsdag 15. august. Regisstrering skjer som vanleg på Bordholmen frå kl 18.00 og utover. Det er høve til å sykle dit du vil, men du må innom Bordholmen for registrering. Der reklamerer dei for open koisk med salg av kaffe, bakels og andre forfriskningar.
Les heile saka
J13 vart slegne ut i semifinalen!
I ettermiddag har Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen J13 møtt Bergen Nord/Hovding i semifinalen i B-sluttspelet på Ekebergsletta. Tross i stor optimisme og kampvilje vart Bergen Nord/Hovding for sterke i semifinalen, og kampen endte med tap 1-3. Mari Gjul utlignet for STKU like etter pause, men bergensjentene kom sterkt attende og vann fortjent. Men J13-jentene kan være stolte av resultatet dei har oppnådd under Norway Cup og vi er imponert over den store innsatsen og prestasjonen.
Les heile saka
Norway Cup – Oppdatert om sluttspelet
To av kampane i sluttspelet er ferdig. G19 måtte finne seg i at dei møtte overmakta mot Hauketo, og gikk på eit tap på 0-2. Knut Haugen rapporterer at det var ein jamn kamp, men laget fikk ikkje utteljing for sine målsjansar i 1. omgang. Men Hauketo klarte altså det viktigste, nemleg å score 2 mål. Men den skadeskotne troppa har gjort ei fin innsats i Norway Cup, der spesielt seieren mot Sykkylven var ein sterk prestasjon.
Les heile saka
Norway Cup – tysdagsrapport
Tysdag, som er dag 3 i Norway Cup vart nok ein liten nedtur for alle samarbeidslaga til Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen. Til tross for iherdig innsats vart Nord 1 for sterke for J13, og sluttresultatet vart 2-3. Dei låg under 0-3 ved pause, og kom sterkt etter pausen. G14 møtte nok si overmakt i eit sterkt lag frå Team Nes, og gikk dermed på eit tap på 0-5. G19 har akkurat spela ferdig sin kamp mot Ottestad, og dei måtte også finne seg i tap på 1-2.
Les heile saka
Dag 2 på Ekebergsletta – oppdatert
I NorwayCup er dei alt komne godt i gang med dag 2. Den første kampen mellom G14 og Haugfoss er ferdig, og her vart det G14 som trekte det lengste strået og vann 2-1. Vi har fått bilde og kort rapport frå vår «utenrikskorrespondent» på ballsletta:
Les heile saka
Rapport frå NorwayCup – oppdatert
Knut Haugen har sendt oss ein kort rapport frå NorwayCup, der dei første kampane no er spela. G19 vann fortjent kampen mot Sykkylven med resultatet 3-1. Scoringer ved Anders Boye (2) og Seppe Claessen. Men Kristoffer vart skadd etter eit kvarters tid av kampen, og er kanskje ute av cupen for i år.
Les heile saka
Tap i oppkjøringskampen
I går kveld var det ein vennskapleg treningskamp mellom G19 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal på Bordholmen. Resultatet vart 2-0 til Surnadal, der den eine scoringa vart i forbindelse med eit straffespark. Todalen.no kom i seinaste laget til å begi seg ut på eit utfyllande referat, då dei spela innskrenka omgangar på kun 30 minutt. Men etter kommentarane på sidelinja i etterkant vann Surnadal fortjent.
Les heile saka
Klare for Norway Cup…
Norway Cup er like rundt hjørnet. Manager Terje Nordvik for Todalen/Søya/Kvass-Ulvungen G19 (TSKU) fortel at dei fleste laget dreg til Oslo laurdag, og skal bu på Skøyenåsen skule den tida dei er i Oslo. Frå Samarbeidslaga Søya/Todalen/Kvass-Ulvungen er det 4 lag som skal delta i NorwayCup i år, og i tillegg er det 2 lag frå Surnadal.
Les heile saka
Todalen G19 mot Surnadal G19
Onsdag kveld startar G19 oppkjøringa mot Norway Cup med privatkamp mot Surnadal G19, skriver manager Terje Nordvik i ei pressemelding til Todalen.no. Kampen startar kl 18.30, og det er første kamp forsamarbeidslaget Todalen-Søya-kvass/Ulvungen etter at fotballferien noe er ferdig.
Les heile saka
Sykkeltrim i finvêret
I kveld var det siste sykkeltrim før ferien. Det var mange som nytta høvet til ein sykkeltur i det fine sommarvêret, der gradstokken til slutt hamna god over 20-talet. ved registrering på Bordholmen var det også høve til å kjøpe lodd i trimgruppas sykkellotteri, og elles var det salg av kaffe og bakels.
Les heile saka
Sykkeltrim – siste før ferien
Trimgruppa i Todalen i.L. melder om at siste sykkeltrim før ferien blir onsdag 4. juli. Det er som vanleg registrering frå kl 18.00. Elles kan du kjøpe lodd i sykkellotteriet, og du kan kjøpe kaffe og bakels, eller andre forfriskningar. Og sjølvsagt kan du sykle så langt som du sjølv vil etterpå. Kom og bli […]