Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Familiedag på sjøisen laurdag

Familiedag på sjøisen laurdag

Elinor Bolme Torsdag 24. januar 2013

Todalen Idrettslag med Carina og Knut Jarle i spissen inviterer til sosialt samvær på sjøisen førstkommande laurdag kl 13. Dei har sjekka vêrmeldinga, og meiner at forholda skal vere stabile til eit slikt arrangement. Dei vil ta med ishockeykøller og mål utover slik at det kan bli litt fartsfylt leik utover dagen. Dei tek også med grillar, slik at den enkelte kan ta med høveleg mat til å legge på etter som svolten kjem sigande. Eller om nokon vil grille ein sjølvfiska fisk.

Publisert: 24. januar 2013, 22:27