Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Todalsdag med mykje fotball og RætaOpp
Det var knytta stor usikkerhet til laurdagens vêrmelding, men vêret vart mykje betre enn vi frykta. Det seier stemnegeneral Knut Bergli, som er glad for at Todalsdagen er gjennomført og han kan føye årets arrangement inn i rekkja av vellukka arrangement. Vi måtte nok tåle nokre regnbyger utover dagen, men ikkje verre enn at arrangementet kunne følgje tidplana som var oppsett og det var knapt ein einaste paraply å sjå på Bordholmen.
Les heile saka
Laurdag: Vi trør i gang Todalsdagen!
Siste fredagskvelden før Todalsdagen det tid for å ta de siste skippertak før arrangementet blir blåst igang laurdag morgon. Men årets stemnegeneral Knut Bergli såg ut til å ha alt under kontroll, og var stolt over programmet han kunne presentere for årets Todalsdag. Fotball for dei minste står nok i høgsetet, slik som tidlegare år. Mellom tretti og førti lag stiller på Bordholmen i føremiddagstimane på laurdag. Alt kl 09.30 startar dei første kampane, og dei held ballen i gang til siste finalen kl 15.45. Men hovudattraksjonen blir nok mosjonsløpet «RætaOpp», der ordførar Mons Otnes fyrer laus startskotet kl 12.00.
Les heile saka
Todalsdagen: Premiere for programheftet…
I dag er det klart for presentasjon av årets programhefte for Todalsdagen 2013. Det er Knut Bergli som ghar vore redaktør for årets programhefte, og det er på heile 20 sider med redaksjonelt stoff om Todalsdagen og sjølv sagt annonsar frå mange og trufaste annonsørar. Det er Lillian Halle som har vore grafisk designer, og det vart ei stasesleg programhefte som no blir distribusert i postkassane lokal og som distribueres «world wide» via Todalen.no og facebook.
Les heile saka
RætaOpp – stiller du?
Fotballfest for dei minste er kanskje det beste kjenneteiknet på Todalsdagen, men hovudattraksjonen er nok mosjonsløpet «RætaOpp», som hadde sin premiere i fjor under Todalsdagen med over hundre deltakarar. Laurdag er det ny satsing, og da reknar vi med mange fleire deltakar, fortel Knut Bergli og Ingvild Kårvatn i Todalen Idrettslag når dei promoterer løpet. RæteOpp er som sagt eit mosjonsløp på ca 3 km, med start og målgang på Bordholmen stadion.
Les heile saka
Kampoppsettet for Todalsdagen 2013 er klart
Da har sekrereriatet i fotballgruppa satt opp endeleg kampoppsett for laurdagens fotballturnering under årets Todalsdag. I siste liten brukar det alltid å komme endringar, men vi satsar på at siste endring kom seint i går kveld slik at oppsettet under blir gjeldande på laurdag.
Les heile saka
Har nokon startpistol?
Knut Bergli i Todalen Idrettslag skulle gjerne ha fått tak i ein startpistol til laurdagens «Ræta opp». Det sies at idrettslaget har hatt ein før, og han lurar på om nokon veit kvar denne eventuelt kan befinne seg no. Etter halvanna time får Knut beskjed om at pistolen er lokalisert. Forsvarleg oppbevart sidan sist den har […]

Dugnad før Todalsdagen
Fotballgruppa og anleggsgruppa i Todalen IL inviterer til dugnad i forkant av årets Todalsdag på Bordholmen. Det har vorte satt opp to dagar, både i morgon tysdag og fredag.
Ta med høveleg utstyr som for eksempel kantklippar, rive, gaffel, slegge, spett og anna motorisert kjøretøy.
Les heile saka
Vakthaldet under Norsk Laksefestival
Todalen I.L. skal stille med vaktmannskaper under Laksefestivalen og vaktlistene er no klare med ansvarsområde og oppmøtetider, melder Karin Halle som er ledar i Todalen. I.L. Karin er glad for at så mange stilte opp som vakter, slik at det kjem inn pengar til drift av laget som sno held på med fleire prosjekt som […]

På tide å finne fram lopper….
Todalsdagen nærar seg med stormskritt! Laurdag 29. juni er det kalrt for nytt Todalsdag-arrangement, og planlegginga har no pågått lenge i Todalen idrettslag. Loppekomiteen har alt starta innsamling av nye lopper, for loppemarknad høyrer sjølvsagt med som ein del av todalsdag-arrangementet. Dei er interessert i alt muleg (unnateke klær, for det tek saniteten seg av!) av «ting og tang», slik som koppar, kar, gamle bøker og andre ting du har til overs.
Les heile saka
Pengegåve frå Surnadal Sparebank
Torsdag kveld inviterte Ski- og friidrettsgruppa til avslutning på vårens lagseriestevne. Det vart flytta frå Bordholmen og opp til den nye lysløypa på Tjønnmyra. Her hadde Todalen Idrettslag i anledninga fått besøk av to representantar frå Surnadal Sparebank som var ute for å dele ut sponsormidlar til det nye anlegget.
Les heile saka
Lagseriestevne flyttar lokasjon
Ski- og friidrettsgruppa flytter sitt oppsatte arrangement fra Bordholmen i morgen kl 18. Gruppa inviterer alle interesserte til avslutning på Lagseriestevnet i den nye lysløypa på Tjønnmyra. Her vil det bli gaveoverrekking av Surnadal Sparebank. Ski- og friidrettsgruppa ordnar i anledninga med varme grillar, så her blir det muligheter til en sen middag. Parkering ved lysløypa […]

Siste finpuss før SIL-regncup
I kveld møttes knøttelaget i Todalen og knøttelaget på Søya til høgtidleg treningskamp på Søyabanen. Todalingane hadde fått 2 nye spelarar i sine rekkjer, som ville prøve seg på kampspel før dei debuterer på sin første cup no til helgas SIL-regncup på Syltøran. Todalingane tapte «knepent», men det verka ikkje som om var verdens undergang. Popcornet på sidelinja var vel så viktig.
Les heile saka