Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag 2023

Styret:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Åse Ville Redalen

Skannarpatrulje (arkivere bilete av historisk verdi):
Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe

Skriftstyre for årsskriftet:

Wenche Østenby Kvendset, Sven Olav Svinvik, Inger Johanne Iversen,

John Moe, Ragnar Halle.

 

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:12 - Sist oppdatert: 26. mars 2025, 10:59

Nyheter knytta til Todalen historielag 2023

Det tinar i fjella rundt oss

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. august 2014

Etter ein fantastisk fin sommar finnes det ikkje lenge noko spor etter snø frå siste vinter. I tillegg til at vinteres var snøfattig, har det nok tina mykje gammesnø og blåis i snøfonnene og dei flekkane som er att av blåis, slik som i Kjerringa. «Porkå» er praktisk talt smelta bort, med berre ein liten flekk med blåis att. Blir det fleire dagar med varme utover neste veke er no den lille flekken med blåis borte.


Kvendsetgarden av eldre dato

Elinor Bolme Måndag 4. august 2014

Frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv har vi i dag eit bilde frå Kvennsetgarden som er teke før 1960. Litt er likt då som no, men ein del har også forandra seg. Vegen er no lagt om, og bebyggelsen er no vorte adskillig auka.


Fyldig kornåker av eldre dato

Elinor Bolme Måndag 23. juni 2014

Frå Todalen Historielag sitt arkiv har vi dag eit bilde frå Øraekra. Her ser vi kornstaur på fleire ekrer rundt vegen, og dein riktig så fin og fyldig koråker på nersida av vegen. Bebyggelsen er Holmen til venstre og Halsen (Elveset), Sentralen (Vollan) og Evjebakken (Solbakken) på høgre side.


På attgrodde stiar

Elinor Bolme Måndag 26. mai 2014

Todalen Historielag inviterte i går til kulturvandring frå Ungdomshuset, ned attmed der Øyadammen ein gong var, det gamle meieriet og saga/løa i Øya, forbi der kiosken hass Eide sto (brann i 1933), gjennom Jonhagen, forbi Håkkøyann og nedover til Skjoramelen.


Inviterer til kulturvandring om Jonhagan

Jon Olav Ørsal Måndag 19. mai 2014

Todalen historielag inviterer til kulturvandring søndag 25. mai. Denne gongen er det Jonhagan, Trøinn og nedover langs Toåa på nordsia som står på programmet. Det er start frå Ungdomshuset kl 12. Etterpå er det samling i Ungdomshuset igjen, og her vil det bli lysbilde og historier om plassane som vi har vandra forbi. Her blir det […]


17.mai rundt 1930

Elinor Bolme Måndag 14. april 2014

I dag har vi nok eit bidrag frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv. Denne gongen eit bilde frå 17.mai ein gong rundt 1930. Skulle nokon ha informasjon om dette, er det berre å sende oss ein epost (red@todalen.no), eller huke tak i ein representant frå redaksjonen om du treffer oss.


Søstrene Ansnes, dei eldre

Elinor Bolme Måndag 3. mars 2014

Denne gongen har historielaget funne fram eit gammelt bilde med tre av søstrene Ansnes frå Øya. Bildet er mest sansynleg teke etter at eldstemann Gudmund døyde i 1919, og før yngstebror Gunnar kom til verda i 1921.


John Moe vart ny leiar i Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2014

Maren Ansnes hadde sagt frå seg attval etter 6 år som leiar i historielaget. John Moe var det nye leiarkandidaten til valkomiteen, og han vart einstemmig valt. Han rykte dermed opp fra sin posisjon som nestleiar i laget. Dordi Jorunn Halle vart ny stremedlem for 2 år, og Sven Olav Svinvik fekk fornya tilliten med 2 år. Med seg i styret har dei Svein Åge Saksen og Wenche Kvendset, som ikkje var på val.


Søndag: Årsmøte i Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Fredag 21. februar 2014

Førstkomande søndag (23.2.) arrangerer Todalen historielag årsmøte i ungdomshuset. Årsmøtet startar kl 14, og etterpå blir det vanleg medlemsmøte. Svein Åge Saksen viser filmen «Todalsfjorden minutt for minutt» med lokalkjente kommentatorar.  Her kan du laste ned plakaten med fullstendig sakliste, og sjølvsqagt er det traktering.


Dagens formann har lang fartstid

Elinor Bolme Onsdag 12. februar 2014

Ragnar Halle har for ei lita stund sidan sendt oss eit blide får 1956, teke på trappa på hovedhuset på Kårvatn. Bildet viser 16 medlemmer i Todalen sanitetsforening og fire ungar som også fekk være med på fotoseansen. Ragnar er ein av dei og står ytst til venstre, i lag med Dordi Jorunn Halle, Maren […]


Todalsøra i gamle dagar

Elinor Bolme Måndag 10. februar 2014

Todalen.no er så heldig å få lov til å få dele bilder frå Todalen historielag sitt rikhaldige bildearkiv. Erfaringsmessig veit vi at gamle bilder fenger, derfor set vi stor pris på at historielaget vil stå som bidragsytar med jamne mellomrom framover.


Historielaget: Program utover vinteren – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 7. februar 2014

Todalen historielag kallar inn til årsmøte for 2014 søndag 23. februar kl 14.00. Det skjer i Todalen ungdomshus, og med vanlege årsmøtesaker. Saklista kjem seinare. Etter årsmøtet blir det vanleg medlemsmøte, der programmet mellom anna er visning av Svein Åge Saksens video «Todalsfjorden – minutt for minutt med lokalkjente kommentatorar».