Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykju fager ungdom

Elinor Bolme Tysdag 18. november 2014

Frå det rikhaldige fotoarkivet til Todalen Historielag har vi denne gongen fått eit snart 45 år gamalt bilete. Unge skirennarar feirar her Kristen Halle sin bursdag i 1970. Gjengen på bildet er samla i stua ved Sortdal hotell i Tingvoll. Todalingen Karin Øyen frå Melen dreiv hotellet i fleire år.

På venstre sida ser vi: Per Ørsal, Bjørg Bruset, Einar Husby, Endre Husby og bursdagsbarnet Kristen. På andre sida av bordet: Odd Magnar Gjeldnes, Ola Bruset, Ivar Hyldbakk og Hallvard Brusethaug. Inger Johanne (Todalshaug) Iversen serverer kaka til gjengen.

Er det nokon som har fleire fleire opplysningar er det berre å sende oss ei melding.

Først publisert: 18. november 2014, 04:00 - Sist oppdatert: 17. november 2014, 23:45