Styret fra 2019:
- Leiar: Lisabet Storslett
- Nestleiar: Johan Ranes
- Sekretær: Ylva Synnøve Gjeldnes
- Kasserar: Van Adrian Ansnes
- Styremedlemmar: Nora Kårvatn, Maria Bergli, Ingebrigt Bergli og Shan Halle
Klubbrådgivarar: Ragna Kvendset
Nyheter knytta til Start 4H

Start 4H – Utdeling av 4H merke og skeier
Tysdag kveld var det medlemsmøte og tid for å dele ut 4H-merke og skeier til medlemmane i Start 4H. Dette er det synlege beviset på at prosjektet dei har jobba med gjennom året er godkjent og bestått.

Presentasjon av junior- og seniorane i Start 4H
Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei seks junior- og seniorane i klubben sine prosjekt.

Presentasjon av aspirantane i Start 4H
Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei åtte aspirantane i klubben sine prosjekt.

Start 4H – med digital haustfest
Laurdag 7.november skulle det ha vore haustfest i Start 4H. På grunn av Koronasituasjonen og at det etter alt å dømme kjem nye smitteverntiltak denne veka, har styret i klubben vedteke å avlyse haustfesta i år. I staden vil kvart medlem få presentert oppgåva si digitalt på Todalen.no.

Start 4H – Planlegging av haustfest
Start 4H er i planleggingsfasen av årets haustfesta. Koronasituasjonen og dei gjeldande smitteverntiltaka gjer at det ikkje er mogleg å gjennomføre haustfest på tradisjonell måte, så det blir i år ei alternativ haustfest der ein legg opp til eit utearrangement, men at det vil bli høve til å få sjå utstillingane innandørs i Skulstuå.

Fikk opp gapahuken i ein fei
Torsdag var det dugnadsgjengen for Todalen tursti i aksjon for å montere gapahuken som tilhøyrer prosjektet, ved Båthølen der også fiskerampen for bevegelseshemma er under bygging. Arbeidet startet i morgontimane i dag, og før «solnedgang» var takpappen komenpå – og dermed tett tak.

Klappet og klart til fest
I ettermiddag var gjengen i Start 4H på plass i gymsalen for å forberede til morgondagens haustfest. 10 spente utstillarar rigga til prosjekta sine og er no klare til bedømming og ikkje minst eit sosialt arrangement i morgon.

Laurdag: Tid for haustfest i Start 4H
Komande laurdag kl. 14.00 er det tid for haustfest i Start 4H. Det skjer i Todalen skule, og alle er velkomne til å delta på haustfesta. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling. Servering av kaffi og saft – og noko godt å bita i, melder Start 4H.

Snart klart for årets haustfest
Medlemmane i Start 4H intensiverer no klubbaktiviteten fram mot årets haustfest laurdag 16. november. I går kveld var gjengen samla i Skulstuå, og planlegging av program og alt som høyrer til ein haustfest til, vart gjennomgått.

Dataspel kan også vera sosialt
I går kveld var det full 4H-aktivitet i Skulstuå. Da var medlemmane samla til årets happening; LAN. Her hadde rundt 15 ungar og ungdommar samla seg i lag for å spele ulike typar dataspel. Nokon på PC, andre på playstation, telefon eller nettbrett.

Ein sti blir til
I går kveld var det invitert til dugnad i Gunnøya for rydding av deler av trasséen der Toåa Tursti skal gå. Dagens sti går langsmed elva stort sett heile vegen i Gunnøya, og er dels utsett når elva blir på det største. Derfor vil den nye oppgraderte stien bli trekt litt lengre inn i terrenget […]

Klubbmøte Start 4H
På siste klubbmøte tysdag 23.april sette vi ein lavvo ved Skulstuå (gammelskulen). Det måtte mykje til for å få den opp. Først sette vi jernstenger ned i jorda og sette opp ei jernstang i midta. Alle hjalp til med å sette opp lavvoen. Då lavvoen var ferdig sett opp hadde vi quiz inne i lavvoen.