Foreininga Venner av Skulstuå i Todalen er ei støtteforeining for stiftinga Skulstuå i Todalen.
Foreininga skal arbeide for at Skulstuå i Todalen skal:
- vere eit kulturminne og ein samlingsstad for alle
- vera ein open møteplass for lokal-, regional-, nasjonal- og internasjonal kulturutveksling
- huse møteplass for lag, foreiningar og organisasjonar
- syna bygda si lange skule- og kulturhistorie, frå første fastskule i 1860-åra (Skulstuå) og fram
til i dag - synleggjera at dette er barndomsheimen til forfattaren og folkemusikar Leif Halse
Styre:
Ragna Kvendset (leiar
Jon Olav Roaldset
Sissel Halset Storslett
Siri Skjerve
Line Kvendset
Nyheter knytta til Skulstuå i Todalen
Triveleg kveld med song og spell
Det var ikkje ein einaste ledig stol i Skulstuå fredag kveld, da Venner av Skulstua inviterte til underhaldningskveld med song og slåttespel. Stiftinga Skulstuå i Todalen har no formelt overteke «Gammelskulin» og det er laget Venner av Skulstuå som skal drifte eigedomen. Dei har alt starta vedlikehaldsarbeidet av bygget, men dei vil samtidig ta i bruk huset til ymse slags arrangement og som møtelokale.
Les heile saka«Skulstuå i Todalen» har overteke Gammelskulen
Formalitetane med overtakinga av Gammelskulen er no i orden og stiftinga «Skulstuå i Todalen» har no formelt overteke eigedomen, fortel Ragna Kvendset. Foreninga «Venner av Skulstuå» skal no ta seg av drift og vedlikehald av huset. Foreninga er alt kome igang med dugnadsarbeidet, og i første omgang er det målararbeid som er gjort, og sørveggen er så godt som ferdigmåla. Vidare er det måling av austre veggen, samt oppussing og måling av vindauga som står på programmet. Muligens blir det også skifte av kledning på vêrveggen i løpet av hausten, seier Ragna Kvendset til Todalen.no
Les heile sakaKulturkveld i Skulstuå
Torsdag den 2. februar var det underhaldningskveld i Skulstuå. Skulstuå eller Todalen gamle skule har også vore heimen til Leif Halse og ute i passeleg vinterstemning stod Vangsgutane på sokkelen sin og tok oss i mot. Kulturkvelden blei opna av Ragna Kvendset som var ei av eldsjelene bak Skulstuå som stiftinga skal ta over frå kommunen. Nils Tore Leivdal starta med å fortelje om todalingar som deltok i Silsetrenna frå si eiga bok «PÅ SILSETRENN», som kom ut like før jul.
Les heile sakaTrekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)
Torsdag 2. februar er det duka for underhalningskveld i Skulstuå (Gammelskulen). Da kjem Odd Arne Halås frå Eide med trekkspel og gode historier. Vi får også høre om todalingar som deltok på Silsetrennet i gamle dagar og Alf Ramsøy vil lese dikt av Leif Halse. i tillegg blir det utlodding og kaffe. Alle er velkome! […]
Utstilling av klassebilde
Det blir utstilling av gamle klassebilde i Skulstuå (Gammelskulen) i romjula. Det er ope 3. juledag (27.12.) i tida 14.00 til 16.00 og 6. juledag (30.12) til same tid. Utstillinga er i hovudleiligheta, og inneheld skulebilde fra 3 århundrer. Arrangør er Stiftinga Skulstuå i Todalen.
Utstilling i Skulstuå
Søndag opna utstillinga med gamle skulebilde i Skultuå (Gammelskulen) Den vart i utgangspunktet laga til 90-årsjubileet Todalen skule, og det har vore stor interesse for å få vist denne utstillinga igjen, fortel Ragna Kvendset i foreninga Venner av Skulstuå. Her var det utstillt skulebilde både frå gammel og ny tid, og interessant visning både for gammel og ung. Ragna fortel at det framleis er mange «hol» i utstillinga, så dersom det er nokon som har bilde frå skuletida som ikkje er med i ustillinga så er ho takksam for å få ein kopi av disse. Utstillinga var opa søndag, men det vil også bli ope ein eller fleire dagar i romjula, samt seinare utpå nyåret.
Les heile sakaUtstilling av klassebilde frå tre år hundre
Frå Ragna Kvendset har vi fått invitasjon til utstilling i Gammelskulen. Ho skriv: «Under 90års-jubileumet for Todalen skule i april, laga FAU ei utstilling med klassebilde frå Todalen skule gjennom tre år hundre. No er utstillinga sett opp i Skulstuå (Gammelskulen), og søndag 11.desember er utstillinga open frå kl 13.00 – 16.00. Utstillinga vert og […]
Gammelskulen for 1 krone.
Både Driva og Trollheimsporten har i løpet av helga orientert om at Gammelskulen i Todalen no er bestemt seld til ”Gammalskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter». Som tidlegare nemt hadde dei lagt inn bud på skulen til 1 krone, og fekk no dette innvilga på siste komunestyremøte, med frist for å realisere prosjektet innan 1. september.
Les heile sakaGammelskulen for 1 krone.
På Trollheimsporten kan vi lesa at Formannskapet i Surnadal har gått inn for at Gammelskulen skal selgast for 1 krone til «Gammelskulen lokalhistorisk og flerkulturellt senter». Dette etter at ei interimgruppe tilhøyrande dette nye laget i Todalen sjølv har foreslått det. Saka har no vore oppe i formannskapet, og etter kva Trollheimsporten skriv, så vart dette einstemmig vedteke, lell om ikkje alle politikarane hadde tru på tiltaket. Saka går så vidare til kommunestyret i mars, for avgjersel og endeleg vedtak.
Les heile sakaGammelskulen som samlingslokale?
Laurdag ettermiddag hadde prosjektgruppa som arbeider for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter» åpen dag i gammelskulen, og det var innom eit tjuetalls personar for å diskutere og høyre kva huset eventuelt kan brukast til i framtida.
Les heile sakaVelkomne til Gammelskulen
Laurdag 11.desember frå kl 12.00 – 15.00 ynskjer prosjektgruppa for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter», alle interesserte til orientering om muligheiter for framtidig bruk av Gammelskulen.
Les heile sakaStiftinga Gammelskulen lokalhistorisk- og fleirkulturelt senter
Ei prosjektgruppe som arbeider med planer for å bevare Gammelskulen og utvikle den til eit lokalhistorisk og fleirkulturelt senter, ynskjer å invitere alle som er interesserte til å ta del i prosjektet som tek sikte på å:
· Ta vare på og vise den rike bygdekulturen vi har
· Ta vare på og vise det fleirkulturelle mangfaldet vi har i kommunen