Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

“Sjarmerande dyktig!”

Ragna Kvendset Laurdag 9. august 2014

Det var eit allsidig og spennande konsertprogram som kraftfult vart framført onsdagskveld i Skulstuå av familien Kvendset. Minstemann Alfred på trekkspel, opna konserten med “Gøy på landet” og Hallvard og Bodil song vakkert “Amacing Grace”. Det var eit musikalsk spenn frå gospel, folketonar til reilender, polka og masj. Familine som ferierer på Ljosheim oppi Rabbgrenda bur i Vannvikan. Joar Schei, som er ein nabo i Vannvika, hadde komponert reilenderen “Auksjon i Kall” og polkaen “Pipstælken”. Bodil song mellom anna “What will I Wear” og trakterte både fele og ukulele. Ingebrigt leia oss gjennom kvelden og Randi akkompansjerte oss på det gamle orglet.

Familien Kvendset frå Lauvås/Vanvikan - frå venstre Ingebrigt, Alfred, Randi, Hallvard og Bodil.  Foto: Ragna Kvendset

I pausen vart det fotballkamp for dei sprekaste og kaffe og kaker for resten. Konserten vart avslutta med allsong og “Fager kveldsol smiler”. Ein dreven trekkspelar frå Husbygarda samanfatta konserten med to ord: “Sjarmerande dyktig!”. Familien Kvendset opptrer rundt om på Fosen og vi håpar at det blir fleire høver til å høyra dei!

kvendset 14 296

…..og publikum som kom til skulststuå på sommarkonsert. Foto: Ragna Kvendset

 

 

Publisert: 9. august 2014, 14:23