Pressemelding:
Heimbygdlaget Surnadal og Rindal byr på nykomlingen Heimbokskafé i kulturhuset. Og kven får Målprisen?
Lokale bøker og lokal musikk står på programmet 2. desember kl. 19:00.
– Norunn Holten har vore sentral i redaksjonen til «Du mitt Nordmøre» i haust, og
presenterer den tradisjonsrike og populære årboka. I år er boka ekstra spennande, både på
grunn av innhaldet og fordi ho kjem i nytt og større format, seier Gerd Ingrid Kvendset, leiar i
Heimbygdlaget.
–Kristen Halle har skrive 100-årshistoria til Surnadal Apotek. Den som enno ikkje har fått med
seg denne viktige historia, får ein ny sjanse på Heimbygdskaféen. Da vil Kristen i ord og bilete
fortelje om ei historie som går heilt tilbake til 1925.
-Møre og Romsdal Forfattarlag har gitt ut boka «Flyge lågt over fluda», der ikkje mindre enn
31 forfattarar frå heile fylket er representert med tekster. Blant dei er Steinar Hasselø og
Svein Sæter, som les kvar si forteljing under arrangementet.
–Karstein Mauset har hausta god kritikk for sine fine melodiar til dikt av ei rekkje lokale
forfattarar. Han framfører fleire av songane under Heimbokskaféen onsdag 2. desember.
– Kvelden blir toppa med utdeling av Målprisen vår. Vi i Heimbygdlaget har lyst til å følgje
opp med slike arrangement, for å løfte fram lokal litteratur og musikk. Om interessa er stor
nok, kan det bli ein årleg tradisjon, seier Gerd Ingrid Kvendset.
Ordet «kafé» tyder på servering, og Heimbygdlaget lovar noko godt å bite i. Det er gratis
inngang.



