Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Todalshytta byr på soloshow med Maarud

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juli 2016

Amund Maarud trivst i Todalen og på Todalshytta. Han har delteke på begge Rauskonsertane på Gammelfabrikken, og dette har tydeleg vis gjeve meirsmak. – No skal han lade opp med nokre feriedagar i Todalen saman med familiemedlemar, før han ”byr på seg sjølv” med solokonsert på Todalshytta komande laurdagskveld.

– Det er sjølvsagt ei fjør i hatten for oss på Todalshytta at vi får musikarar av Amunds kaliber hit for å opptre, seier Malling, og legg til at Maarud no er heilt i toppklassen av norske musikarar. – At ein verdensartist som Jace Everett vart imponert over Maaruds kapasitet, seier nok sitt. Amunds soloshow er heilt fantastisk, seier Malling, og fortel at showet er utvikla gjennom fleire år og at dette kan publikum ha store forventningar til. Eric fortel også at det blir sett opp eit stort telt til publikum for å gardere seg mot eventuell nedbør, og vil servere enkel grillmat frå kl 19 og fram til konserten startar kl 20.

Amund Maarud er kappelmester under Rauskonserten på Gammelfabrikken torsdag kveld. Her saman med asle Beck under fjorårets rauskonsert. Foto: Jon Olav Ørsal

Amund Maarud saman med Asle Beck under fjorårets Rauskonsert på Gammelfabrikken. Arkivfoto: Driva/Jon Olav Ørsal

Malling røper også at det blir meir kultur på Todalshytta utover sommaren. Allereie 23. juli kjem Asle Beck til Todalshytta med sin konsert. I august entrar Terje Nordgarden scena på Todalshytta – det skjer laurdag 13. august. Arrangement blir det også torsdag 11. august, men der held Malling korta tett til brystet enno!

Men aller først – sett av komane laurdagskveld til møte med Amund Maarud på Todalshytta!

Først publisert: 13. juli 2016, 10:35 - Sist oppdatert: 15. juli 2016, 16:14