Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kurs i «utførelse av varme arbeider»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. november 2026

Per Egil Fiske kjem måndag 30. november og måndag 7. desember til Todalen for å halde «kurs i utførelse av varme arbeider». Dette er eit brannvernkurs for personar som utfører arbeid med verkty og utstyr som kan skape gnister eller varme, og dermed medføre brannfare.

Kva er varme arbeid?

  • Sveising
  • Bruk av vinkelslip1r
  • Skjæring og sliping av metall
  • Taktekking med open flamme
  • Lodding
  • Bruk av varmluftspistol

Hva lærer ein på kurset?

  • Forebygge brann
  • Risikovurdering før arbeidet tek til
  • Lover, reglar og sikkerheitsforskrifter
  • Bruk av slokkeutstyr
  • Brannvakta sitt ansvar og oppgåver
  • Praktisk brannslokking

Kven trenk kurset?

Kurset er særs aktuelt for sveisarar, mekanikarar, rørleggarar, elektrikerar, tømrarar, taktekkarar, vaktmeistrar, industriarbeidarar og gardbrukarar. 

Er det pobode med kurs?

Det er eit forsikringskrav at både den som utfører varme arbeider og brannvakt har gyldig sertifikat når arbeidet er omfatta av sikkerheitsforskrifta. Spesielt tilrettelagte verkstader som oppfyller bestemte brannsikkerheitskrav, kan være unnateke.

Sertifikatet må fornyast kvart 5. år.

Fiske håper fleire i Todalen har moglegheit til å delta på kurset. 

Påmelding på peregilfiske.no eller på epost til pefiske@gmail.com så raskt som mogleg!

Publisert: 24. november 2026, 11:54