Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kongen av Spitsbergen,av og med Svein Sæter

Elinor Bolme Onsdag 15. november 2017

Onsdagstreffet den 22. november har tema «Kongen av Spitsbergen», og Svein Sæter kjem og deler si historie om Einar Sverdrup.

Sverdrup var med på å bygge opp Longyearbyen, for så å sjå at mykjegodt vart øydelagt da britane tvangsevakuerte dei som budde der i 1941. Året etter kom han tilbake, i uniform, for å vinne att Longyearbyen frå tyskarane.


Svein Sæter har skrive boka om Einar Sverdrup. Sverdrup kom frå ein familie full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn. Einar skulle sjølv finne seg ein plass mellom desse, som ein av Noregs, fram til no, ukjende heltar og samfunnsbyggarar.
Svein Sæter er ein foredragshaldar som engasjerer og har her også ei historie å fortelje om nokon som var utanom dei vanlege – om det spennande livet til «Kongen av Spitsbergen».
Velkomen til onsdagstreff i Surnadal kulturhus onsdag 22. november kl. 1300! Etter foredraget blir det servert kaffe og kake (medrekna i billetten).
Onsdagstreffa er støtta av «Den kulturelle spaserstokken».

(foto av Svein Sæter: Carl Størmer)

Publisert: 15. november 2017, 07:42