Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje offisiell feiring av 17. mai på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. april 2020

17. mai-komiteen på Nordvik skriv i ei melding:

I år vil det desverre ikkje bli noko folketog eller tilstelling i forsamlingshuset. §13 i «Forskrift om smitteverntiltak mv ved koronautbrotet av 07.04.2020» legg ned eit forbod mot kulturarrangement kor personar møtest fysisk.

Vi tenkjer nytt, og digitalt, og oppfordrar folk til å ta bilete av si feiring. Om feiringa skjer på fjellet, på sjøen, i finklede eller i fjøset spelar inga rolle. Gjerne bilete med norske flagg. Vi håpar at folk kan legge ut biletet (med ein liten tekst) på Nordvik Grendalag si Facebookside (vi lagar eit arrangement), slik at vi alle kan delta på eit vis.

Vi ønskjer alle ei fin 17.-mai feiring! 

 

 

 

Publisert: 15. april 2020, 15:03