Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Framleis ledige plassar på gratis julefeiring på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. november 2026

Surnadal Røde Kors Omsorg inviterer også i år til gratis julefeiring for alle på Hammerstuene 24. desember. Julefeiringa tek til klokka 13:00 og blir avslutta klokka 15:00.

Fjorårets arrangement på Hammerstuene samla godt over sytti gjestar i alderen 3 til 90 år, og arrangementet har fått mange gode tilbakemeldingar.

– Vi legg opp til ei hyggeleg julefeiring med god stemning, kunne dei seks damene frå Surnadal Røde Kors Omsorg, som på ettermiddag fredag den 13. november møtte pressa.

– Arrangementet er rusfritt og familievennleg, legg dei til.

Stor takk til Hammerstuene og Martha

– Vi vil rette ein stor takk til Hammerstuene, med Martha Torvik og hennar stab, som også i år opnar dørene, pyntar og lagar mat for å lage ei skikkeleg fin julefeiring, seier damene.  

– Utan Martha og hennar stab hadde det ikkje vore mogleg å fått til eit slikt arrangement som dette, konstaterer dei.

Sjølv om det snøa litt under pressetreffet fredag den 13. november, så er det nok heller tvilsamt at det er julesnøen som allereie har kome? Foto: B G Ansnes

Tradisjonell norsk julemat på menyen og julegåve til dei unge

– Det blir også i år servert tradisjonell norsk julemat med kaffe og dessert, fortel Elin Bøklepp Kvande, leiar i Surnadal Røde Kors Omsorg.

– Alle barn og unge under 18 år får i tillegg ei julegåve, legg ho til.

God støtte frå SpareBank 1 SMN

Årets arrangement, har som i fjor, fått økonomisk støtte frå SpareBank 1 SMN sitt prosjekt Julehjerte, midlar som gjer det mogleg også å ha andre arrangement før jul og i romjula.

Her nemner dei mellom anna julebakst saman med bebuarane i omsorgsbustadane på Bårdshaugen.

Påmelding og skyss

For å få oversikt over kor mange som kjem på årets julefeiring, ønsker damene påmelding til Anne Mari Strand på telefon 913 63 516 eller Elsa Kvande på telefon 909 40 755. Påmeldingsfristen er 1. desember.

Dei som treng skyss til julefeiringa gjev beskjed om dette når dei melder seg på.

Å kunne gleda andre er drivkrafta

På spørsmålet om kva som er drivkrafta for å arrangere eit slikt arrangement på sjølvaste julaftan, svarer damene kontant og bestemt: Det er å sjå at andre blir glade og fornøgde, det er drivkrafta for oss som driv med frivillige arbeid!

– Feiringa i fjor var ein god start på vår eiga julefeiring heime, seier damene.

– Da jeg satte meg inn i bilen på Hammerstuene julekvelden i fjor, kjente jeg i hjertet mitt at dette var fryktelig godt, seier Elin Bøklepp Kvande.

Håper på god respons også i år

– Vi håper mange kjem og blir med oss på julefeiring også i år, avsluttar damene i Surnadal Røde Kors Omsorg.

Plakat – julefeiring for alle

Først publisert: 25. november 2026, 07:00 - Sist oppdatert: 24. november 2026, 20:24