Tysdag 8. desember klokka 19:00 ønsker Stangvik historielag velkomen til førjulskveld i Myrvang forsamlinghus med bokslepp. Arrangementet er ope for både medlemmar og alle andre.
Lars Steinar Ansnes vil denne kvelden presenterer si nye bok «I mitt landskap – erindring og undring» i samtale med illustratør Brit Polden. Brit vil også fortelje om NRK-serien Nasjonale turistveger, og korleis det var å bli eit kjent TV-ansikt over natta.
Programmet inneheld også musikalsk innslag ved Karstein Mauset, presentasjon av historielaget sitt årsskrift for 2026 og orientering om stadnamnprosjektet.
Under førjulskvelden blir det sal av signerte bøker og årsskrift, og ein får kaffe og kaker for ein billeg penge.
Det er gratis inngang.
Stangvik historielag ønsker alle velkomne til førjulskveld og bokslepp i Myrvang forsamlingshus!

