Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Elgfall på Storhaugen

Elgfall på Storhaugen

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. september 2010

Det vart både elg og hjort på jaktlaget på sørsida av bygda i dag. Etter resultatlaus jaging i Øyalia, vart det sett ut postar på Storhaugen og jaga dit gjennom Brusetbotnan. Da vart det både elg- og hjortfall på Storhaugen. Ein ungokse på ca 180 kg gikk i bakken etter ein fulltreffar frå Anders Halset. Ola Bruset sørga for at ein spissbukk fall i same området.

Postane vart sett ut frå Skarsmyra og utover til trimposten i framkant av Storhaugen. Det var omtrent midt på Storhaugen at Anders Halset fikk sikte på elgoksen. Dei to dyra vart dregne fram til skogsvegen og henta der med traktor. Deretter var det slakting som sto for tur, og det foregikk i Øya.

Frå Jon Bruset har vit fått fleire bilde. Han var på Storhaugen like etter at elgoksen fall, og har foreviga utvomming og klargjering til transport.   Alle foto i galleriet: Jon Bruset

Først publisert: 18. september 2010, 16:15 - Sist oppdatert: 19. september 2010, 00:38