Ein laurdag i oktober blir det arrangert lokal handledag i regi av Distriktssentret som er eit støtte- og serviceorgan for nærbutikkane. Matkroken Todalen er nemleg ein slik butikk som nyter godt av statleg støtte til å halde nærbutikkane i drift – og investeringsstøtte til modernisering og effektivisering.
Handledagen skal sette fokus på den lokale butikkdrifta og understreke kor viktig det er å ha ein nærbutikk i nærmiljøet. Det er nemleg viktig både for trivsel og samhold at eit bygdemiljø har ein nærbutikk – her får du dekt det daglege behov, samtidig som du får sosial kontakt med sambygdingar.

Eivind Grønmyr var tidleg oppe og koka graut – Ingrid Talgø sørga for tre slag skuffekaker som var klar til opninga av kaffekroken. Foto Jon Olav Ørsal
Sondre Halset som er kremmar på Matkroken i Todalen har lagt godt til rettes for ein lokal handledag – mange gode tilbodi butikken, men også lagt vekt på å skape trivsel med traktering i Kaffekroken. Her vart det både nysteikte bakels med graut og fleire typar med skuffekaker til gratis servering denne dagen. – Det sette kundane stor pris på, og gjennom dagen var det full trøkk både i butikken og i Kaffekroken.
– Det er bra at folk stiller opp og viser at dei sett pris på dette tiltaket, seier Sondre som tok over butikkdrifta ved Matkroken Todalen frå nyttår. Det blir på ein måte gjensidig støtte og ros til kvarandre, seier han og viser på denne måten tiltaket er til felles nytte og hygge. Butikken har knappe 3 årsverk, men 4-5 medarbeidarar på lønningslista. Ein slik handledag er veldig motiverande for oss som jobbar her, fortel Sondre som legg til at ein slik «handledag» har stor omsetning i forhold til ein vanleg laurdag.

Gratis refleksvest til borna – elles fikk alle reflexband og Matkroken-buff, fortalte Sondre Halset. Foto Jon Olav Ørsal
Dagens vinnarar av quiz-konkurransen:
I dag var det Quiz-konkurranse i Kaffekroken – her var det høve til å bryne seg på eit variet utval av sprørsmål. Her var det muleg å score 20 poen dersom du hadde alt rett på alle spørsmål.
Vinnar vart Ragnar Halle som endte opp på 18,5 poeng. På andreplass kom Arvid Halle, hakk i hel på 18,0 poeng og på tredjeplass Ståle Ansnes på 17,5 poen. Ragnar kan hente sin premie på butikken.
Loddtrekning blant handlande:
Det var også loddtrekning mellom alle som handla på butikken i dag. Her var det trekt ut tre premiar, og dei 3 heldig kan hente ei hyggeleg overrasking på butikken. Dei tre er:
- Jo Gjeldnes
- Jorunn Hals Ørsal
- Jorunn Husby




