Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dugnad 1: Renovering av vassanlegg

Dugnad 1: Renovering av vassanlegg

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. april 2012

Husby & Halla vassalg er i gang med renovering av vassanlegget. Laget har ansvar for vassforsyninga  frå Andersstua på Kvennset og heilt til Skogstad i Hallagrenda, til saman eit førtitals abonnentar. No skal anlegget oppgraderast med ny brønn og anlegg for filtrering og ultrafiolett stråling for å sikre vasskvaliteten. Det er ei investering på over ein halv million, samt ein god del dugnadsarbeid på anlegget som er organisert som eit privat vasslag.

Dugnadsarbeidet vil pågå utover våren til anlegget er ferdig og godkjent av Mattilsynet. Det er bygd veg opp til driftssentralen og det pågår rydding av ny rørtrase, samt graving av grøfter til både vassrører og strømkabel til driftssentralen.

Nedafor har vi lagt ut nokre bilde frå dugnadsarbeidet den siste tida.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. april 2012, 18:30