Helga 27.- og 28. september markerer Todalen Sokneråd at det er 50 år sidan denne spreke gjengen var konfirmert i Todalen kyrkje. Det heile startar med gratis festmiddag med påfølgande kaffe i Todalen Ungdomshus for jubilantane og ellers alle andre som har lyst til å delta.
Les heile saka
Søya/Todalen møtte topplaget Averøykameratene 2 til hjemmekamp i 6. divisjon på Søyabanen mandag kveld. Det skulle etterhvert vise seg at motstanden ble i tøffeste laget i denne kampen. Kjappe spillere med godt balltempo, der flere har prøvd seg i 3. divisjon i år, ble som forventet vanskelig og kampen endte med tap 0-4.
Les heile saka
Laurdag var det premiere for Kreativt Forums torgdag på plassen framfor kulturhuset. Det var liten respons både frå utstillarane og frå publikum, og det hadde nok si årsak i marknadsføringa, trudde Tove Merete Schei som var ein av initiativtakarane gjennom Kreativt Forum. – men vi er godt i gang, fortalte ho, og no satsar dei på større aktivitet på neste torgdag som blir laurdag 4. oktober. Seinar blir det torgdag første laurdag i kvar månad.
Les heile saka
Denne hausten satsar dei på skihistorie og besøk på Skimuseet i Rindal. Det skjer onsdag 17. september. Det er absolutt vert å ta turen til Rindal sentrum, der det nye skimusett ligg. Senioruniversitet vil få både omvising og kaffe og svele – og høve til å friske opp mange minne frå gamle dagar.
Les heile saka
Fredrik Sjøflot er ein av pionerane når det gjel bruk av elbil, og kanskje den første i Surnadal kommune. Han kjøpte nemleg sin første Think elbil i 2001, og har altså «gått på strum» i 13 år. No har han sin bil nummer 2, ein Peugeot. Men den første elbilen kom til Noreg alt i 1903, og ute i den store verden kom elbilar på slutten av 1800-talet. Satsinga på elbilar i stor stil kom først på 2000-talet og faktisk dei siste åra etter at satsinga på ladestasjonar starta.
Les heile saka
Onsdag kl 13 er det ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset, melder styret. Dei byr på god middag med dessert og etter på ei hyggestund med kaffe og noko å bita i. Ring gjerne og meld frå at du kjem til telefon 91337168 eller 71663598.
Både måndag og onsdag blir det spela fotballkampar på Bordholmen. Måndag er det G12 Søya/Todalen som møter Halsa/Valsøyfjord, medan det onsdag er G10 Søya/Todalen mot Surnadal. Her blir det nok full fres begge dagar med avspark kl 18. Begge dagane vil det naturlegvis bli åpen kiosk med bakels å græt. Så om vêret held seg […]
Les heile saka
Laurdag var det vegdugnad og siste finpuss på Husby og Halle vassverk. Det er no over eit år sia den nye rensestasjonen og ny brønn vart ferdigstillt og godkjent av Mattilsynet. Denne gongen var det dugnad for å ta ei siste opprydding og grusing av den nye vegen opp til rensestasjonen.
Les heile saka
Setningar i vegbanen er eit problem fleire plassar i bygda, men no blir det gjort noko med det på dei verste punkta. Ved Sissiå – like ved avkjøringa til småbåthana er det ei gammel stikkrenne som meir eller mindre har kollapsa, og dette har fårt til at det blir ein skikkeleg spretthopp for traktorar og vogntok med last. Ved Lauvåbrua er det også ein skikkeleg setning som skapar problem
Les heile saka
Det er Kreativt Forum som står som arrangør for Torgdagen på Skei laurdag. Det skjer på torgplassen framfor Surnadal kulturhus, og der er det aktivitet frå kl 11.00 til kl 16.00, med salg av alle slags torgvarer; som egg, rømme, lefse, såpe, bakte poteter, antikviteter og mykje meir, melder Kreativt Forum
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 4. september i Svorka i Bæverdalen. Lars Magnar Bævre fortalde om Svorka, og kven kunne passa betre til dette enn nettopp han? Foreldra hans kjøpte nemleg Austistua to år etter at Lars Magnar var konfirmert, og han var sjølv eigar av garden frå 1971 til 2009.
Les heile saka
Tirsdag kveld vart det stinn brakke ved Talgø sitt utstillingssenter ved Gammelfabrikken. Rundt 85 ansatte i Amfi Drift AS var da nok ein gang på besøk hos Talgø AS. Sist Amfi Drift var på Gammelfabrikken var i forbindelse med senterledersamling i Surnadal våren 2013. Denne gangen var det driftsledere fra alle Amfi driftede senter i hele landet og regionsjefene som var samlet for faglig påfyll.
Les heile saka