Onsdag 5. desember kl 19 vil Tom Brenne halde foredrag om gamle julehefter, ikkje om teikneseriar som Vangsgutane, men om dei litterære julehefta med forteljingar i. Dei er det kanskje kome ut rundt 20 000 av frå 1880 til i dag, og Tom Brenne vil mellom anna trekkje fram nokre som har kome ut i vårt fylke. Han vil også trekkje fram nokre kunstnarar og forfattarar frå vårt fylke som har hatt bidrag i dei landsdekkjande julehefta.
Les heile saka
En søndag i månaden har Slettneset steinovnsbakeri ope for gjestar som er ute etter ein kaffekopp og noko godt å bite i. Karin Åsbø og ektemannen Nils Håvar Øyås har i halvanna år jobba fram til eit så langt vellykka konsept på Karins heimplass på Nordvik. Bygninga vart flytta frå Folldalen til Slettneset i fjor sommar. Mange arbeidstimar seinare kunne det driftige ekteparet forsøke seg på åpent bakeriutsalg no i haust.
Les heile saka
Gevirutstillinga som avisa Driva og Surnadal JFF arrangerte sist laurdag samla meng flotte gevir til bedømming. Dei fleste gevira kom sjølvsagt frå nærområdet, men kom frå dyr som var felt i samband med jakt i andre område. I det store og heile var det mange flotte gevir og gevirdommar Øyvind K. Veskje som kom frå Oppdal, var imponert over kor mange og prektige gevir som vart levert inn til bedømming og utstilling.
Les heile saka
I dag var det sesong åpning av skøytebanen på Bordholmen igjen. Dei trufaste skøyteentusiastane Knut Bergli, Finn Ranes og Anders Gjeldnes hadde saman med Gunnar Nordvik i år oppgradert banen med heimelaga vant rundt heile isen.
Les heile saka
Øiving K. Veskje, som er JFF-autorisert gevirdommar har i dag hatt det travelt med å gå gjennom alle gevira som er komne inn. Det tek nemleg litt tid å vurdere kvar enkelt gevir og måle alle variasjonar og tagger. Laurdag kl 13.00 skal vi få demonstrert korleis dømminga går føre seg. Veskje vil da demonstrere dømming både av eit hjortegevir og eit elggevir.
Les heile saka
Ved Kårvatn Fjellustyr er det denne veka «VINTERKICKOFF» – gode tilbod på alle varer i butikken. Og ved middagstider i dag kom det to karar luftvegen på julehandel. Dei to ålvundeidingane landa med småfly på ekra rett framfor butikkdøra!
Les heile saka
Driva meldte at det hadde skjedd en beklagelig feil i distribusjonen av fredagsavisa til Todalen. Dei lova at det skulle bli gjort forsøk på å få avisa ut i postkassa i løpet av dagen. Det har lykkes og no skal alle abonnentene i Todalen ha fått avisa i postkassen sin. – Posten tok en ekstrarunde med Driva, etter at avisene kom til rette!
Det er 12 år sia sist det var gevirutstilling og bedømming av gevir her i Driva-distriktet. Komande laurdag arrangerers det ny gevirutstilling i regi av Surnadal Jeger- og fiskeforening i samarbeid med avisa Driva. Da er det Todalen ungdomshus som er arena og utstillinga er opa frå kl 10 og utover til kl 16.
Les heile saka
Nokre dagar med kuldegrader har gjort at vi har begynt å vente på snøen i Dalalia. Hos Kårvatn Fjellustyr prisar dei vinteren no slutten på denne veka, med eit skikkeleg vinterkickoff og minst 25% rabatt på heile butikken. Produkta frå Sir Joseph og Houdini får du heile 30% på nokre Crazy Ideaprodukt har vi heile 70 % rabatt, fortel Fredrik Thoresen Sletten på Kårvatn Fjellutstyr, som allereie er i gang med vinterkickoff.
Les heile saka
Feltleiar Monica Svendsen frå NTNU Vitenskapsmuseet la ikkje skjul på at ho er spent på kva dei kjem til å finne, når dei no fortsett utgravingane på Øygarden bustadfelt. På seinsommaren var dei her og gjorde funn av fleire røysfelt, og det er gode sjansar for at det er gravfelt seier ho. – Sist dei […]
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag inviterer til det tradisjonelle julemøtet med middag på Nordmøre Folkehøgskole tirsdag 4. desember kl. 13:00
Dei byr på underhaldning, tale av ordføreren, utdeling av eldrearbeiderprisen for 2018, song og musikk.
Les heile saka
Laurdag 24. november er ein dag alle jaktinteresserte må merke seg. Da arranger nemleg Surnadal Jeger og Fisk i samarbeid med avisa Driva ei gevirutstilling i Todalen ungdomshus, der det er muleg å få bedømt gevir av elg, hjort, rådyr og villrein. Har du eit flott gevir «på lur» og er litt i tvil om kor mange poeng det kan skåre, så ta det med og kom til Todalen ungdomshus der det er utstilling mellom 10 og 16.
Les heile saka