Tom Godtland tek over som styreleiar i Norsk vandrefestival etter Ragnhild Godal Tunheim som har styrt festivalen gjennom heile den 12 år lange perioden – først 2 år som leiar i interimsstyret og så 10 år i styret. No flyttar Ragnhild til ny jobb i Nordland, og overlèt bokstaveleg talt leiartrøya til rindalingen Tom Godtland som også får med seg eit styre med mange nye ansikt.
Les heile saka
I dag var det utdeling av gåvemidlar frå Surnadal Sparebanks gåvefond. Ein god slump med pengar hamna som støtte til forskjellige prosjekt i bygda da gåvesjekken vart delt under ei enkel tilstelling i bankens lokaler. I år er det til saman 74 lag og organisasjonar som har fått gåve frå banken, liten eller stor alt etter kva det er søkt på. I statuttane står det at gåvene skal gå til allmennyttige formål, og vi prøver å vurdere dette etter beste evne, seier Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.
Les heile saka
IL Søya inviterer sine yngste medlemmer til avslutning på barn i løypa og eit enkelt klubbrenn på tampen av sesongen førstkommande søndag. Det skjer på Vang fra klokka 12 og utover. Skileiken på Tjønnmyra til samme tid er avlyst grunna mangel på skiføre.
Les heile saka
Leiar i Todalen idrettslag, Nils Ove Bruset, var stolt da han på årsmøtet kunne gi heider til to unge og talentfulle idrettsutøvarar frå Todalen. Dei to har i ein alder av 15 og 16 år alt konkurrert i utlandet i løpet av vinteren. Sindre Bruset deltok i januar i Open Dutch i taekwondo i Nederland, og Erik Kårvatn var med på landslaget i rando-VM i Sveits i mars.
Les heile saka
Søndag 31.mars kl. 14.00-16.00 inviterer vi alle interesserte til å ta turen innom museet på Åsen.
Arbeidet med å lage ein kopi av den ca. 1000 år gamle kavlvegen som vart lagt over myra på Eidet er no i gang!
Ein kavlveg er ein veg laga av klovne tømmerstokkar for å forsere våtmark. Det er funne ca. 800 meter av ein slik veg i myra over Eidet, ikkje langt frå museet. Denne blir det no laga kopi av, og det skal etablerast ein kultursti i tilknytning til dette kulturminnet frå vikingetid/tidleg middelalder.
Les heile saka
Det vart ei spesiell og spennande vakt for Svein Skomsøy lørdag ettermiddag og kveld. Skomsøy er leiande havneinspektør i Kristiansund og Nordmøre Havn og var vakthavende på hamnekontoret da alarmen gikk på cruiseskipet Viking Sky. Det vart ei heilt spesiell vakt, der eg kunne følgje aksjonen både på radioen og på skjermen, og eg følte at eg satt og fulgte med på dramaet uten å kunne gjøre nokon ting.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag arrangerer trivselskveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 10.4. kl 1900. Først får vi ein enkel middag i restauranten, før vi går til Gladlaksen for kaffe og dans til Trond Larsens kvartett
Les heile saka
I går kveld var det full fres i Skulstuå. Først hadde Start 4H årsmøte, før dei etterpå hadde infomøte til nye medlemmar. Og veldig mange nye hadde teke turen for å sjå om 4H klubben var ein kjekk plass å bli med i. På medlemsmøtet fekk dei nye eit lite innblikk i alt det artige som klubben hadde hatt av aktivitetar i fjor. Her var fleire turar, klubbaktivitetar i Skulstuå og mykje meir.
Les heile saka
Det er nok mange som lurar på kva den store aktiviteten i Kvennsetøran bustadfelt, der både gravemaskiner og boreriggar er i aksjon. Løysinga på det spørsmålet er at det i dag blir lagt ny rør for å frakte vekk gråvatn som er filtrert vekk frå kloakkanlegget i bustadfeltet. I staden for infiltrering i jorda blir det no lagt rør ned mot sjøkanten og vidare utover til marbakkan.
Les heile saka
Onsdag 19. juni kjører Gunvor Fuglevåg siste postruta si til Todalen. Når ho har kjørt runden denne dagen, så parkerer ho postbilen og blir pensjonist. Todalsvegen kjenner ho godt, for ho har heldt det gåande sia 1992, da ho tok over ruta og det vart full fres frå 1993. Sia har det berre vore nokre avbrekk på dei 27 åra, så ho kjenner nok «kvar stabbstein» på vegen inn til Todalen og oppover til Kårvatn.
Les heile saka
Kartverket skal behandle fleire namnesaker frå kommunen, og desse blir difor no sendt ut på høring. Dette er namn frå alle krinsane i kommunen, med unnatak av for Øvre Surnadal. Eitt av desse namna er Røssåa (Rossåa) her i Todalen. Namnet er her skrive slik det er «godkjend og tilrådd», så langt.
Les heile saka
Har enno til gode å treffe den personen som ikkje likar nystekte bakels, og den trefte vi heller ikkje i dag. Det var nok ei hyggeleg overrasking å bli påspandert bakels til kaffen på Matkroken i dag. Alt frå starten var det god respons da dagens 10-kaffe fekk ekstraforpleining med handelmann Nordvik.
Les heile saka