Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for årets Søyacup

Elinor Bolme Torsdag 22. august 2019

På laurdag samlas små og store til årets Søyacup. Med 78 påmeldte lag blir det full rulle frå morgon til kveld. Det meste er no på stell både med bane og områda i rundt, og kampoppsettet er ferdigstilt. IL Søya set kvalifiserte dommarar høgt på sine arrangement, og hadde onsdag kveld dommarkurs for dei som […]

Les heile saka

Alle rutene er merka, og det er klart til Skyrun

Elinor Bolme Torsdag 22. august 2019

No er det snart duka for verdenspremiere på Kårvatn Sky Run, og deltakarkarlista viser snart 30 påmeldte deltakarar. Her finn vi både damer og herrer, også fleire lokale utøvarar i alle klassane. Så langt er det 3 påmeldte til trimklassen Storfjellet opp, 13 i klassen Kårvatn Skyrun 29 km og 10 i klassen Kårvatn Skyrun 43 km. 

Les heile saka

Bollknubben i Sunndal

Elinor Bolme Onsdag 21. august 2019

Rindalingene er ivrige turgåarar med turar kvar tirsdag gjennom turgruppa i idrettslaget. Denne vekas tur gjekk til Bollknubben som ligg i grenseland mellom Todalen og Sunndal. Harald Egil Folden har sendt oss nokre ord og mange fine bilder. 

Les heile saka


KIAS søkjer etter lærling

Elinor Bolme Onsdag 21. august 2019

Kvanne Industrier AS søkjer no etter lærling i produksjonsteknikkfaget til fabrikken sin i Surnadal. Har du rette utdanninga eller anna relevant erfaring kan du få jobb i ei spennande bedrift.

Les heile saka


Med flagget til topps for skulestart og fire nye elevar!

Elinor Bolme Måndag 19. august 2019

I dag starta fire nye elevar på Todalen skule. Tre av dei var jentene Julia, Øyvor og Natasha som skulle byrje i første klasse. Dei har hatt god trening med førskuleklubb siste barnehageår, og vart fort husvarme i skulegarden saman med resten av elevane ved oppvekstsenteret, heile 27 i talet.

Les heile saka

Stavgang til Folldalen

Jon Olav Ørsal Måndag 19. august 2019

Torsdag 22 august er det mektige Folldalen som venter på Stavganggruppa. – Vi møtes ved bommen og kjører sammen opp til Follsjøen. Der parkerer vi før dammen, og vandringen blir over dammen og videre etter eget ønske. Til vanlig tid (kl 11.00) og husk stoler denne gangen! Hjertelig vel møtt alle sammen, skriver Stavganggruppa i en e-post til redaksjonen.


Startar på med lagseriestemne igjen

Jon Olav Ørsal Sundag 18. august 2019

Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L. minner om lagseriestemna som startar på igjen på torsdag og blir arrangert kvart torsdag utover hausten.  Vi møtes kl. 18 til ballkast, lengdehopp og løp – 60 m og 400 m.  Alle er velkomne og vi minner også om at Nordvikgardingane er velkomne til å bli med oss, seier leiar i ski- og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik.



Svært interessant utmarkshistorisk vandring på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. august 2019

Norsk vandrefestival inviterte til utmarkshistorisk vandring i liene på Nordvik laurdag 17. august. Oddvar Mikkelsen stilte som kunnskapsrik, lokalkjent og engasjert guide; dette gjorde at vandringa vart utruleg interessant for deltakarane. Veret var også godt.

Les heile saka