Todalen sanitetsforening er aktive i nærmiljøet – laurdag (23. oktober) er det strikkekaffe som står på programmet, og den foregår i tidsrommet 13.00 til 16.00 i Sanitetshuset som vanleg. Her blir det kaffepause med noko attåt, fortel arrangementskomiteen, som ønskjer alle velkomne – med eller utan strikking.
Todalen sanitetsforening samlar også i år inn julegåver for å sende til Estland. Julegåveinnsamlinga har etter kvart vorte ein tradisjon for Todalen sanitetsforening i førjulstida, og noko dei har dreve med i mange år no. Dersom du ønskjer å bidra med julegåver, kan desse leveres måndag 1. november mellom klokka 18:00 og 19:30 og tysdag den 2. november mellom klokka 18:00 til 20:30 i Sanitetshuset eller ved å kontakte Maren Ansnes på telefon: 906 86 907.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag tek no initiativ for å få auka stillinga ved Frivilligsentralen frå 50% til 100% og grunngjev det med at mesteparten av stillinga ved Frivilligsetralen går med til ungdomsarbeid. Det er leiar i Surnadal demensforening og helselag, Liv Botten, som no går ut til andre lag og foreningar for å få støtte til eit slik krav overfor Surnadal kommune.
Les heile saka
Onsdag kveld hadde styret i Todalen Idrettslag kalla inn til medlemsmøte, under tittelen «Todalen IL – Ka no?» i ungdomshuset. Her ville styret i idrettslaget ha medlemmene sitt syn på kva idrettslaget skal drive med i tida framover, både på kort og litt lengre sikt. Og styret fekk god respons, for det møtte opp mange engasjerte medlemmer på møtet. Styret fekk også inn mange forslag til aktivitetar, både aktivitetar som kostar lite eller ingenting å drifte og som er enkle å strarte opp med. Det kom også inn forslag på aktivitetar som krev meir planlegging og investeringar før dei kan realiserast. Styret var kjempenøgd, både med oppmøtet og engasjementet frå dei som møtte opp!
Les heile saka
Messedeltaking er ikkje noko nytt for Talgø, heller ikkje Bygg Reis Deg 2021 som blir arrangert på messeområdet på Lillestrøm frå i dag og ut veka. I halvanna år har det vore unntakstilstad, og dermed har informasjon om nye produkt og pleie av kundar funne andre vegar i denne perioden som har hatt mest fokus på «covid 19» No er altså Talgøbedriftene på plass i gjen, med ein stor stand på messområdet.
Les heile saka
De siste vekene har det pågått utbetring av vegen frå brua over Sagelva og forbi Bakkan mot Bergly. Det er Mikkelsen Maskin som jobbar med å utvide vegen litt og fyller opp grøfta på øvre sida av vegen, slik at det skal bli litt tryggare å møtes på denne strekninga.
Les heile saka
Årets influensavaksinering i Surnadal kommune vil gå føre seg på Surnadal kulturhus i Svorkasalen 1., 2. og 3. november. Dette opplyser Surnadal kommune på sine heimesider «surnadal.kommune.no». Du kan bestille deg time ved å gå inn på «c19.no», Influensavaksinering.
Dersom du treng hjelp og ikkje har nokon til å hjelpe deg, eller du må utsette vaksinen og treng råd, kan du sende e-post til : vaksine@surnadal.kommune.no, eller ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag-fredag mellom klokka 09:00- 11:30. Hugs da å oppgi personnummer og mobilnummer.
Les heile saka
Søndag 31. oktober, mellom klokka 16:00 – 19:00, blir det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd tek til på Matkroken Todalen laurdag 23. oktober klokka 10:00 – 15:00 og fortsett fredag 29. oktober på same stad mellom klokka 15:00 – 17:30. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 50,-. Ved kjøp via Vipps, hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn som skal skrivast på lodda. Hovudpremien denne gongen er eit gåvekort for to personar på Svinvik gard.
Les heile saka
I dag varta vêrgudane opp med skikkeleg fint haustvêr da Todalen sanitetsforening sin Kløvertur-gjeng tok turen til Toåa tursti. Etter nokre Kløverturar med skikkeleg dårleg vêr, tykte gjengen at det var godt å få ein tur der ein kjente sola varme litt att.
Les heile saka
På formiddagen i dag var næringskonsulent Harald Bredesen og IT-sjef Pål Ranes frå Surnadal kommune innom Matkroken Todalen for å optimalisere informasjonsskjermen i kaffekroken. Grunnen til dette er at sidene tidlegare har skifta kvart 10.sekund, noko som gjorde det vanskeleg å få lest informasjonen på informasjonsskjermen på ein god og informativ måte.
Les heile saka
I ein e-post som tikka inn søndag kveld, etterlyser Elin Moen Lysø, på vegne av Mo skulekorps, uniformer som tilhøyrer korpset. Dei håper å få inn uniformer, som framleis heng rundt om kring i heimar i Øvre Surnadal, Todalen, Kvanne og Stangvik. Uniformene er frå den perioden Mo og Stangvik hadde felles skulekorps.
Les heile saka
Surnadal bibliotek får besøk av to av dei mest omsnakka forfattarane for tida. Dei kjem for å snakke om sitt forfattarskap – og livet elles. 19. oktober klokka 19:30 kjem Nina Lykke, medan dagen etter, den 20. oktober klokka 19:30 kjem Kadafi Zaman, så her blir det noko å gle seg til for dei leselystne!
Les heile saka