Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nye bygdebøker på gang

Nye bygdebøker på gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2011

Surnadal kommune arbeider med å gi ut nye bygdebøker for alle grendene. Først ute er området frå Åsbøen til og med Todalen, fortel prosjektkoordinator Siv Snekvik.  Den kommunale bygdeboknemnda samarbeider med Todalen historielag i arbeidet med å samle inn opplysningar frå grendene, og har 7 grendekontaktar til å hjelpe seg. Det blir sendt ut spørjeskjema til alle heimar i området og grendekontaktane vil sørgje for innsamling av skjemaene. Det blir eit ope folkemøte om bygdebokprosjektet tysdag 5. april. Her finn du innkallinga til møtet. Det vil det kome meir info etter kvart.


Ny pensjonsreform

Elinor Bolme Laurdag 26. mars 2011

I anledning den nye pensjonsreformen som trådde i kraft 1. januar 2011, ønsker Surnadal Sparebank alle interesserte velkommen til eit ope informasjonsmøte i bankens lokale tirsdag 5. april.

Les heile saka

Trøbbel i Hauabrekka

Trøbbel i Hauabrekka

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2011

På den glatte nysnøen i ettermiddag var ein semitrailer uheldig og hamna utfor vegen. Han var komen opp til Rossåbrua da han mista fart og fikk stopp. Dermed måtte han ned igjen, og det gikk ikke bra på glatta. Tralla hamna i grøfta, og dermed kom han verken fram eller att, og måtte tilkalle redningsbil.

Les heile saka

Halsesamlinga – nye vedtekter

Halsesamlinga – nye vedtekter

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2011

Etter at Halsesamlinga no er lagt inn under historielaget har vedtektene vorte endra. Todalen.no har fått tilsendt dei nye vedtektene frå Todalen historielag, og har lagt dei ut til gjennomsyn.  Her kan du laste ned vedtektene for Halsesamlinga som PDF-dokument. Todalen historielag har gjort vedtak om at Halsesamlinga skal flyttast til biblioteket i Todalen oppvekstsenter med det første.


Balldag på laurdag

Balldag på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2011

Er du «furkunn» på eit sildballmål, så er Nordvik forsamlingshus staden førstkomande laurdag. Kl 14.00 startar salget av sildball av beste oppskrift, fortel Sverre Kjølstad i Nordvik grendalg. I fjor vart dei utselt på tampen av dagen, men i år har dei sikrar dei med å auke mengda med 50% prosent. Så sjølv med eit innrykk frå Todalen trur han det skal bli nok til alle. Men sjølvsagt gjeld regelen om «først til mølla» denne gongen også….


Give me 5 gav alt!

Give me 5 gav alt!

Elinor Bolme Torsdag 24. mars 2011

I kveld var alle 5. klassingane i kommunen samla i Storstua på Surnadal kulturhus med konserten Give me 5. Salen var fullsett, med ekstra sittepassar då pågangen vart retteleg stor. Give me 5 er eit kulturelt satsningsområde på andre året i kommunen, der 5. klassetrinnet samarbeider med ein kjendt artist.

Les heile saka

Kafékonsert med Tordenskjold

Kafékonsert med Tordenskjold

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mars 2011

Onsdag kveld gjesta Tordenskjold Nordvik forsamlingshus med sin kafekonsert. Eit trettitals tilhørarar som hadde funne vegen til forsamlingshuset, fikk full uttelling for kvelden med flott korsong krydra med visesong og triveleg samvær. Repertoaret for Tordenskjol spente fra norske folketonar, via europeiske og amerikanske tonar til allsong i lag med koret. Tordenskjolds dirigent Elin Persson klarte å binde programmet godt saman med sine muntre forteljingar, og varierte med å traktere piano til og bruke Elin Blomstrøm på gitar til songen.

Les heile saka

Terminlister G14 og G16

Terminlister G14 og G16

Elinor Bolme Onsdag 23. mars 2011

Da skal noen av terminlistene for fotballsesongen 2011 være klare for publisering. Dette gjelder nå i første omgang G14 og G16 G14 2. div avd 2: HER G16 1. div:  HER 

Les heile saka

Nye toalett i Ungdomshuset

Nye toalett i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2011

Da ungdomshuset vart oppussa til «Det store jubileumsåret» i 2008, vart det ikkje gjort noko med toaletta i kjellaren. Dels på grunn av økonomi, men også på grunn av at det vart for kort tid til skikkeleg planleggjing. No er arbeidet i gang, og snekkarane Gunnar Nordvik og Lars Kvendset, sammen med Comfort Surnadal starta tysdag 22. mars. Det blir no 3 toalett i kjellaren, der det eine blir godkjent for handikappa, fortel husformann John Moe i ein e-post til Todalen.no.

Les heile saka

Med Johan til Birken

Med Johan til Birken

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. mars 2011

Vi har tidlegare hatt innslag om Johan Kvendset som gikk Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer forrige helg. Han vart nr 10 i klasse M75 (75-79 år), og det synes vi er ein flott prestasjon. Vi har mangla bilde frå løpet, men no har vi fått nokre bilde frå Gisle Haugen som var der saman med resten av familien for å servere spesiallaga havresuppe. Og det gjorde susen!

Les heile saka

Vått og vindfullt

Vått og vindfullt

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2011

Siste døgnet har det vore rimeleg mykje nedbør og stor hastigheit på vindmålarane omkring. Dette har resultert i oversvømmelsar og trefall.

I morgontimane var det blandt anna mykje å sjå på tur opp til Kårvatn. Frå Falla og oppover hadde ein bekk teke nytt far då stikkrenna ikkje makta og ta unna alt vatnet. Det vart difor til at vatnet for ved sida av vegen på øversida i staden.

Les heile saka

Vårjamdøgn

Vårjamdøgn

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2011

I dag, 21. mars, er det vårjamdøgn. I Wikipedia står følgjande skrive om det temaet: «Vårjamdøgn eller vårjamdøger er saman med haustjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter vårjamdøgn vert dagane lengre og nettene kortare på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på våren.

Les heile saka