Søndag 4. mai kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Bernt Venås. Det er i år 3 konfirmantar i Todalen sokn; Ole Stensby, Frikk Hauglann Talgø, Thea Saksen Ulvund. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Søndag 4. mai kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Bernt Venås. Det er i år 3 konfirmantar i Todalen sokn; Ole Stensby, Frikk Hauglann Talgø, Thea Saksen Ulvund. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
For mars kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar av månadens bilete med «Todalsøra». Sjølv om våren har teke eit kvileskjær akkurat no i Todalen, er vi sikre på at det er mange fine motiv som kan sendas inn til oss som bidrag til dagens bilete.
Les heile sakaDersom du er uten signal på NetCom-telefon har det si naturlege forklaring. GSM-basen i Todalen er ute av drift. medan 3-basen fungerer som normalt. Har du ny og moderne telefon som er førebudd på 3G, så har du altså normalt signal, medan eldre og enkle telefoner kun for GSM så har du problem! Du kan ha eit svakt signal enkelte plassar i bygda, med du blir da betjent frå ein base utafor bygda og dermed berre 1 til 2 «klossar».
Les heile sakaDet er vel dei fleste som ønskjer korpsmusikk i folketoget på nasjonaldagen. Dei siste åra har dette vore arrangert som ein «korpsdugnad», og det vil ein også prøve i år. Frode Grønmyr vil prøve å samle alle gode krefter til ein slik dugnad, og skriv i ein e-post til Todalen.no: «Som vanleg prøvar vi å få til eit lite korps i Todalen til 17.maitoget. Vi skulle gjerne vore fleire, og spelar du eller har spela eit korpsinstrument er du hjerteleg velkommen til å bli med.
Les heile sakaNok ett blogginnlegg er klart. Denne gongen frå ein halsetgarding busett på Byåsen i Trondheim. Finn deg ein kaffekopp i gråveret (som vi alle fall har her i Todalen) og sjå kva Arve sysslar med.
Les heile sakaLaurdag 3.mai blir det igjen arrangert familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker.
Les heile sakaNordvik Grendalag er klar for vår, og trør førstkommande søndag i gang med sin populære sykkeltrim. Dei har ei vellykka ordning med servering av saft, kaffe og bakels annakvar gong. Ellers har dei også litt vedlikehald på uteområdet ved grendahuset og finpuss til sommars på leikeplasen i Sollia.
Les heile sakaRBL har hendene fulle med våren litt i tidligste laget, i følge daglig leder Grim Røen og Trollheimsporten. Dei har fortsatt snøskutrar til ein rimeleg penge, men no er også plenklipparane fått god plass inne i butikklokala på Sunna.
Les heile sakaSvorka Aksess er nå på utkikk etter en person som kan tiltre i som medhjelper til sin utførende graveentreprenør. Gravesesongen er i gang og Svorka skal om kort tid starte fiberutbygging i Todalen. De har derfor behov for snarlig hjelp. Det ønskes en arbeidsvillig ungdom som er “vant til å ta i et tak”.
Les heile sakaSeriestarten er også godt i gang i de yngre årsklasser. G12 Søya/Todalen hadde i gårkveld sin seriestart mot eitt av dei tre Surnadalslaga dei har havna i serie med. Det vart ein spennende kamp, både for spelarar og tilskuarar.
Søya/Todalen leda 4-2 til pause, men etter ei iherdig opphenting av Surnadal i 2. omgång vart stillinga 6-6 etter nokre nervepirrande sluttminutt, der Søya/Todalen til slutt fekk inn det siste målet.
Les heile sakaMåndag kveld var det kyrkjegardsdugnad, med rydding av rusk og rask og lauvraking etter ein lang vinter. Eit par team dreiv også med oppretting av minnestøtter som telen hadde herja med i vinter. Til tross for at vêrgudane varta opp med surt regnvêr var det mange frammøtte og god stemning blant dugnadsgjenen. Sjølvsagt vart det […]
Les heile sakaDenne helga har det vore fylkesårsmøte i Møre og Romsdal sanitetsforening. Etter valet er det klart at det blir leiarskifte, etter at Elinor Bolme frå Todalen tek over leiarklubbe etter Solveig Fosseide frå Rindal. Fylkesårsmøtet har foregått på Hotell Alexandra i Molde, der det har vore fleire utsendingar på plass frå Todalen sanitetsforening, fortel Ragnhild A. Moe som har sendt oss bilete frå årsmøtet.
Les heile saka