Norske Laksefestival er allereie i gang, med blant anna kunstutstilling og fisking i Glønavatnet. Fram mot søndag er det mykje som foregår, og for å få full oversikt kan du gå inn på Norsk Laksefestival sine heimesider.
Les heile saka
Norske Laksefestival er allereie i gang, med blant anna kunstutstilling og fisking i Glønavatnet. Fram mot søndag er det mykje som foregår, og for å få full oversikt kan du gå inn på Norsk Laksefestival sine heimesider.
Les heile sakaTorsdag kveld var det høgtidleg opning av kunstutstillinga til kunstnaren Elisabeth Aas i Surnadal kulturhus. Ho er i år festivalutstillar i høve Laksefestivalen, og viste eit stort utvalg i maleri som er måla på handlaga indisk bomullspapir. Ho nyttar akrylmåling, men det er også bruka kull, kritt, lim og fin sand (frå elva i Todalen) i måleria. Ho stilte ut mange fine og fargerike måleri i fleire storleikar.
Les heile sakaKomiteen måtte hastigt bera ut fleire bord og stolar da det var sankthansfeiring på Bordholmen onsdag kveld. Mykje folk møtte opp til grilling og sosialt samver i godveret. Idrettslaget stod klare med varme grillar då folket kom, så det var berre å legge på medbragt grillmat for den som ville.
Les heile sakaUnder Todalsdagen 3. juli er det tradisjon med loppemarked. Det er både trivelig og sosialt, og det kjem inn ein slant med pengar til drift av Trimgruppa og fotballgruppa i idrettslaget. Borghild Betten Talgø er ivrig på at folk skal rydde i kott, skuffer, uthus og kjeller for å finne fram lopper som kan gjera loppemarkedet […]
Les heile sakaTodalen I.L. skal sørve Norsk Laksefestival med vakttenester i helga. Her kan du finne vaktlistene som PDF, både for fredag og laurdag og du laste dem ned.
Les heile sakaI kveld spela G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen kamp på Bordholmen. Etter ei sprenghelg i Malmefjorden var det kanskje ikkje full gass over heile linja, men laget vann komfortabelt 2-0 mot Molde FK.
Les heile sakaOnsdag blir det St.Hansfeiring på Bordholmen. Klokken 18.00 starter det hele med grilling. Da med grillmat og kom på Bordholmen. Det blir åpen kiosk med salg av is og brus med meir. Det blir og loddsalg.
Les heile sakaDa er ein ny kandidat til månadens blogginnlegg klar for publisering her på todalen.no, og redaksjonen håpar at samarbeidspartner Gjermund Moe slett ikkje har tenkt å ta sommarfeie på dette området.
Les heile sakaStangvik historielag var på tur til Halsakamman i søndag 20. juni, og ledar Einar Grønnes fortel at det var 13-14 personar som deltok på turen. Gudmund Svensli hadde med kamera, og har sendt oss nokre bilde som vi legg ut i galleriet nedafor.
Les heile sakaElevane på Todalen oppvekstsenter avslutta skuleåret med å kåre «Mesternes mester». Her var det mange varierte øvingar der elevane fekk testa både
hurtigheit, styrke, kondisjon og presisjon. Etter å ha halde ballongen på strak arm i opp til 10 minutt, var det mange stive musklar. Vidare gjekk
det slag i slag med hoppetau, ballkontroll med bortennisball, armstyrke, sitting ved vegg utan stol med 90 grader bøy i knea, og flytting av
erteposar på tid.
Det nærmer seg Laksefestival og Elisabeth Aas skal som kjent være festivalkunstner i år. Ho har produsert masse…. ca 50 malerier med stort og
smått til utstillinga. Bildene omhandler temaene omsorg og kjærlighet, og er malt på håndlaget Indisk bomullspapir.
Ho inviterer alle gode venner og kjente i Todalen til åpningen torsdag 24. juni kl. 18.00 i Surnadal Kulturhus.
Jens Olav Moe dro direkte på hytta til bestemor og bestefar i Sverige da det vart skuleferie. Der er han igang med fisking, og alt første dag tok han ei gjedde på 9 kg, som var 110 cm lang. Truleg er det den største gjedda som er teken i hele Värmland så langt i år. Vi for vår del håpar at Jens Olav hugsar at gjedda har kvasse tenner og at det er ein rovfisk, men ønskjer lykke til vidare med fisket og ferielivet i Sverige!
Les heile saka