Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny bibliotekar

Ny bibliotekar

Elinor Bolme Torsdag 16. desember 2010

I kveld er siste gongen med ope bibliotek i 2010. No har det seg slik at det er Ole Petter Talgø som er vorte tilsett som ny bibliotekar, i allefall fram til sommaren. Det er berre her i Todalen at det enn er ein liten filial, men også denne står no i fare for å bli stengt kan Ole Petter fortelje.

Men om besøkstala stig, kan det hende at den består. Ole Petter har moglegheiter for å ta i mot bestilling på bøker frå biblioteket på Skei og få dei levert i Todalen ved behov. Ellers kan han og fortelja at dei får utlevert litt «nye» bøker frå Skei gjennom heile året.

Etter nyttår skal det bli ei lita opprydning i hyllene blandt gamle og litt utrangerte bøker, så då kan det hende det blir eit aldri så lite boksalg.

Publisert: 16. desember 2010, 18:34