Søndag 1. mai arrangerer Solvor L Øyen og Inga Husby demoparty for ulike produkt dei sel. Solvor er vel kjent for dei fleste med sine Tupperwareprodukt, medan Inga kanskje ikkje er riktig så kjent for sine salgsvarer. Ho er no forhandlar for produkt innan velvære, fitness og kosmetikk i kjeda Forever Living.
Les heile saka
No har russen i Surnadal alt klart for russefeiringa som startar med «dåp» utanfor Kulturhuset laurdag. Da får ordførar Lilly Gunn Nyheim æra av å vere «prest». Surnadal Sparebank er hovedsponsor for russen, og onsdag etter skuletid inviterte dei russen til treff i banken.
Les heile saka
Det var nok mang ein nordvikgarding som spekulerte på kva som skjedde i Myra på Nordvik i dag tidleg. Eit oppbud av politi og politibilar er ikkje kvardagskost på Nordvik, sjølv om dei har sin eigen Per Politi. Men det var nok heilt utan dramatikk i dag, for det var lokalt politi som deltok i kurs, fortalte Steinar Lervik som var kursleiar for lokale polititjenestemenn frå Nordmøre.
Les heile saka
Eg er Åse Toril, og etter å ha vore ein Holten heile livet, vart eg ein Krågsrud i fjor. Det er no 34 år sidan mor ein kald januardag satt på med Solveig Kjølstad med drosje opp til Orkanger sjukehus. Nokre dagar seinare byrja eg på ein storsver barndom heime i Jarbakken på Kvendsetgarden, saman med May-Elisabeth, Tor og storebror Erik.
Les heile saka
Etter tips fra en utflytta todaling har vi sakset en god historie fra avisa NordvestNytt. NordvestNytt hadde fått inn et avisutklipp fra den sagnomsuste fotballturen til Veiholmen, da laget leide inn skyssbåten «Hauk» på Halsa og dro til havs. Skysskaren hadde totalt feilbedømt avstanden, og det ble nok litt vanskelig å orientere seg da de bare hadde et bilkart til bruk for navigasjon. Men turen gikk godt, selv om de både ble forsinket til kampstart og tapte fotballkampen. Vi kjenner att mange «størrelser» fra fotballbanen på 70-tallet på bildet, og blar du videre kan du lese hva NordvestNytt skriver om de langveisfarende gjestene.
Les heile saka
Surnadal arbeiderparti har programmet klart for 1. maiarrangement i Surnadal kulturhus. Stortingsrepresentant Else May Botten blir dagens hovudtalar under arrangementet som startar kl 15.00. Elles byr det politiske programmet på appell ved Magne Seierslund. Kulturinnslag blir det også, da både Surnadal Hornmusikk og Songkoret Tordenskjold vil ta del i feiringa.
Les heile saka
Den tradisjonelle vårsongfesten i Bøfjorden Grendahus på 1. mai byr på program med stor spennvidde. Opera, allsong, kor, lokalhistorisk kongefest og kaffehygge fyller ettermiddagen. Sopranane Marit Nielsen og Sigrid Vetleseter Bøe og bassen Erik Rosenius strør rundt seg med smakfulle saker frå operasongens konfekteske. Med Hedda Hansen Berg ved klaveret kjem også tonefølgjet på sølvfat. Og da […]
Les heile saka
61,3 % av dei som har valgt å gå til stemmeurna for å seie si meining om framtidas kommunestruktur i Surnadal kommune gjekk for alternativ 1; storkommune i lag med Halsa og Rindal. 38,7% av velgarane kryssa av for alternativ 2; å stå som eigen kommune som i dag.
Les heile saka
Sist helg heldt NKS Møre og Romsdal årsmøte i Molde. Litt over 60 engasjerte sanitetskvinner frå vel 20 lokallag møtte til det 73. årsmøtet i fylkesforeininga – eit inspirerande og godt årsmøte i følge leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes.
Les heile saka
Det vårast, og tida for tur skog og mark er kommen for fleire. I den anledning ønsker Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag å orientere om at dei har årets første tur allereie torsdag 28. april. Denne gongen frå Svinvika. Frammøte i Svinvika til vanleg tid kl. 1300. Marsjruta er som vanleg etter eige ønske og tempo. Ta med matpakke og drikke og bli med på årets første tur!
Les heile saka
I denne stund er det åpne valglokaler rundt om i kommunen vår i forbindelse med kommunereform og samanslåinngsalternativ. I Todalen var valgmannskapet på plass frå klokka 14 som påkrevd, men dei kunne melde om rolege timar enno først på ettermiddagen. Valget starta som kjent med muligheiter til førehandsstemming fram til i går. Også i Todalen var det nokre få som hadde benytta seg av dette.
Les heile saka
Måndag 25. april skal det gjennomførast rådgjevande folkeavstemming om kommunereformen i Surnadal kommune. I Todalen skjer det i Todalen skule, der vallokalet er ope frå 14.00 til 20.00 og fungerer tilsvarande som ved kommunestyre- og fylkestingvalet sist haust. I kulturhuset er det også muleg å avgi stemme søndag 24. april i tidsrommet mellom kl 17.00 til 20.00.
Les heile saka