Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit år til stortings- og fylkestingsval….

Jon Olav Ørsal Fredag 9. september 2016

Denne gruppa frå AP i Surnadal hadde stand utafor Coop Extra på Skei, og formålet var å markere at det no er eit år til Stortings- og fylkestingvalet 2017, og dermed på tide å markere at det er eit år til du kan være med å bestemme kven som skal styre landet.

På trykksaka dei delte ut var det klart bodskap om at dei satsa på Jonas Gahr Støre som statsministerkandidat og kva saker som er viktigaste satsingsområdet i tida fram mot valet neste haust.  To av dei som er med på framsidebiletet har forresten fått fast plass i kommunestyret sia sist. Det er Reidar Brøske og Jon Bruset som rykkjer opp i samaband med at Jo Forslund og Andrine Heggset har meldt flytting ut av kommunen.

valkamp_saker

 

Publisert: 9. september 2016, 20:00