I helga er det siste innspurt for årets sesong i Svinviks arboret. Arboretet og kafeteriaen er ope til og med søndag 07. august og både laurdag og søndag er opningstida frå 11.00 – 16.00. Stikk innom – alle er velkomne er oppfordringa!
I helga er det siste innspurt for årets sesong i Svinviks arboret. Arboretet og kafeteriaen er ope til og med søndag 07. august og både laurdag og søndag er opningstida frå 11.00 – 16.00. Stikk innom – alle er velkomne er oppfordringa!
I sommar har det pågått legging av fiberkabel til Brusetmarka. Det er lagt jordkabel frå Todalshytta og innover i dag er dei komne til Hengebrua før dei tek helg. Det er Rolf petter halle og Joar Inge Gjeldnes som jobbar for Svorka aksess og det legges no rør innover, der det etterkvart skal skytast fiberkabel innover etterpå.
Les heile sakaAndreslåtten er i full gang – no også med rosa siloballar – i tillegg til gørne og kvite. Dei rosa siloballane har fått stor oppmerksomheit i sommar. Det er Felleskjøpet Agri som i samarbeid med emballasjeprodusentane Trioplast og Tama har valt å starte den rosa kreftkampanjen, fortel Anders A. Karlsen i Todalen Mjølk. Produsentane, forhandlarane og bonden yter 10 kr kvar pr rull med folie – tilsaman kr 300.000 til bryskreftsaka og ikkje minst har saka fått stor oppmerksomheit i media.
Les heile sakaOlsokspelet på Stiklestad er nyleg avvikla. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag blir speldiktaren Olav Gullvåg presentert av barnebarnet Eivind Hasle, som nettopp har skrive bok om han. Gullkorn frå årets dialektutgåve «Teft og tykkje» dukkar også opp.
Les heile sakaDa er fotballeventyret også over for KUST G13. Dei møtte litt over 17 Vestre Akers SK, som tok leiinga og held denne med 2-0 til pause. Dette var eit lag som var hakket sterkare, men i følge IL Søya si facebookside hadde keeper Henrik Kvande-Talgø fleire strålande redningar i andre omgang som gjorde at gutane held seg inne i kampen.
Les heile sakaDet er ikkje berre Pokemon, Norway Cup og strandliv som tel i sommar: Dei unge les også, og dei les mykje. Svært mykje, skriv Surnadal bibliotek i ei pressemelding til oss i dag,
Surnadal folkebibliotek er med på «Sommarles»; ein kampanje som skal stimulere dei som er fødd mellom 2003 og 2009 til å lese – også i sommarferien. Det er så langt 103 surnadalingar som har meldt seg på kampanjen gjennom nettsida sommarles.no.
Les heile sakaGutane på G13 fikk ein forrykande start på sin 1/16 delsfinale mot Lillestrøm no i dag. 1-0 nesten rett etter avspark av Lang Valset, og Ola Valset fortsatte med 2-0 like etter. Lillestrøm mista ikkje piffen for det, og utligna med to kjappe mål rett etterpå, før Ola Valset drog til med 3-2, og deretter 4-2 til pause.
Les heile sakaHusmorskulen på Halsa er det nok mange som dreg kjensel på. Gjennom ei årrekkje er det nok mange frå Todalen og andre plassar på «indre» som har gått der, og har mange minner frå den tida. Einar Oterholm er i gang med bok om historia til husmorskulen, og søndag 7. august inviteres det til Søndagskafé i Løvik grendahus i Skålvikfjorden, der Oterholm vil presentere «historia til «Nordmøre Husmorskule».
Les heile sakaGutane på KUST G13 er akkurat ferdig med dagens kamp mot Oppsal, og det meldes om seier og stormende jubel i leiren! Det sto 0-0 til pause, men med kvart sitt mål av Erik Husby og Marcus Brein Gikling etter at Oppsal tok leiinga tidleg i 2. omgang. Dette betyr 1/16 finale i morgen kl 12.20, mot Lillestrøm.
Les heile sakaSommarferien er på hell for dei fleste, og vi skal finne vinnaren for månadens bilete for juli. Vi har valgt ut eit knippe av bileta som du kan velge blant for å vera med å bestemme hvilken bilete som skal premierast denne månaden.
Les heile sakaSøndag 7. august inviterer Stangvik Historielag til kulturvandring i Søyådalen. Ruta blir som i fjor, og guidar er forfattarane av Søyådalsboka. Dei som vil vere med på vandringa møter opp ved Eidet skule innan klokka 10. Derifrå går turen med bil inn til Gammelseterbrua, der det blir ein kort stopp med orientering.
Les heile sakaI Bekkerhagan har Husby Vel drive storstila dugnadsarbeid med rehabilitering av leikeplassen i grenda. Alt i tre er skifta ut og dei har fått på plass ei flott utestove, sandkasse og platting. No inviterer dei både sponsorar, naboar og andre interesserte til å kome og sjå, og har open dag søndag 7. august frå kl 15.00.
Les heile saka