Laurdag spela Surnadal sitt herrelag mot Rollon 2, som også ligg nederst på tabellen i 3. divisjon. Surnadal gjekk dessverre på nok eit tap, trass god tru på at dei skulle vinne på forhånd. Frikk Hauglann Talgø spela sin første kamp på lange tider, etter ein skade i vårsesongen, og vart kåra til banens beste med sitt innhopp i 2. omgang.
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag starta ny sesong med ein finvêrstur til Rindal og stavgang rundt Igltjønna. Første stavgangturen samla heile 37 deltakarar, som sette kvarandre i stemne i det flotte og velordna friluftsområdet.
Les heile saka
Eg følte meg veldig heime og kan konstatere at latteren sitt laust i Todalen, sa Jon Schau etter forestillinga. Jon Schau kan konstatere at showet «En gal mann vender hjem» som skal kjørast på revyteatret Chat Noir, sitt som det skal etter ein vellukka generalprøve på Todalshytta.
Les heile saka
Måndag kveld er det igjen åpne dører ved Todalen bibliotek melder utlånsansvarleg Karen Johanne Talgø. Har du ønsker om spesielle bøker, både norske eller framandspråklege er det berre å ta kontakt, så ordnar Karen bestilling. Både frå Surnadal og Oslo.
Les heile saka
Torsdag kveld kl 20.00 kan du høre og sjå Jon Schau i hans nye show «En Gal Mann vender hjem» på Todalshytta i Todalen. – Jon Schau er tilbake på humorscena og gjestar altså Todalen med sitt show på ein slags førpremiere, før han dreg i gang sine forestillinger på Chat Noir i Oslo fra 16. september og utover hausten.
Les heile saka
Vi hadde for eit par veker sia eit lite intervju med Torbjørn og Rannveig Brøske som reiste til Alanya på teneste for Sjømannskyrkja. – Situasjonen var spent i Tyrkia etter kuppforsøket, og vi lurer sjølvsagt på korleis det har gått etter at dei kom på plass på Sjømannskyrkja. Det er tross alt unntakstilstad enno!
Les heile saka
Førebuingane til storviltjakta er i god gang, og på skytebanen til Søya og Todalen skytterlag i Ranheimsvingen var det i kveld stor aktivitet. Når det obligatoriske prøveskotta var unnagjort, var det berre å prøve seg på sjølv skyteprøven som er 5 skott på dyrefiguren og alle må treffe innafor ein sirkel på 30 cm i […]
Les heile saka
I skrivande stund (kl 22) er det eit par timar til årets sesong for laks- og aurefiske i Toåa er slutt. Etter fleire «magre år» har årets sesong vore eit synleg bevis på at laksefisket kan gå i bølgedalar og at får oppleve både gode og dårlige år for laksefisket.
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag startar oppatt med sine populære stavgangturar førstkommande torsdag klokka 11. Denne gongen er det tur til Rindal og Igeltjønna.
Her blir det så klart muligheiter for bading for den som vil det. Arrangørane håpar på finvêr og stort frammøte!
Årets Søyacup laurdag 27. august ligg an til å bli ein rekordcup, med til no heile 72 påmeldte lag. Allerede no er første versjon av pulje- og kampoppsett klart for alle klassane bortsett frå dei aller yngste (J06/G06) der arrangørane ventar på nokre lag til før kampoppsettet er ferdig.
Les heile saka
Fredag kveld inviterte Surnadal jeger- og fiskeforening til fisking og sosialt samvær på Kårvatn. Dessverre var det elendig vêrbruk denne ettermiddagen, så få tok turen oppover til sommarfjøsvollen på fisking og grilling. Elva var i største laget, så det vart heller ingen storfangst. Men eit par stykker var unggutane i kontakt med.
Les heile saka
Laurdag 13. august inviterte Stangvik historielag i lag med årnesgardingane til kulturvanding. Vandrarane møttest ved Grendahuset, veret var ikkje det beste, men dei tretti oppmøtte fekk ein både interessant og triveleg dag. I godt turfølgje merka ein ikkje regnet som sila ned.
Les heile saka