Surnadal Røde Kors arrangerer årets loppemarked lørdag 17. september. Er det nokon som har lopper, kan desse leveres tirsdag 30. august kl 1930-2100 i Røde Kors – huset på Bøvra.
Les heile saka
Surnadal Røde Kors arrangerer årets loppemarked lørdag 17. september. Er det nokon som har lopper, kan desse leveres tirsdag 30. august kl 1930-2100 i Røde Kors – huset på Bøvra.
Les heile sakaI hovedbildet har vi todalingar fødde i 1977, 1978 og 1979, no vorte vaksne og er sist i 30-åra. Desse gjekk på korttidsbarnehagen som var i Ungdomshuset på den tida.
Les heile sakaIndre Nordmøre Senioruniversitet arrangerer teatertur til Trondheim laurdag 10. september. Avreise med buss frå Surnadal kl. 1330. Det blir besøk på Trøndelag Teater for å sjå Hedda Gabler.
Les heile sakaDet siste året har det vore stor byggeaktivitet – bustadhus og landbruksbygg har nærast «poppa opp». I dag har det vore stor aktivitet med mørtelbil hos naboen i Jostua på Husby. Her pågår det både renoveringsarbeid og tilbygg, og i løpet av nokre timar i føremiddag er grunnmurane til tilbygget støypt.
Les heile sakaDenne veka gikk stavgangturen til Ranessetra. Turen gikk via bomvegen til Skeisnebba, og vidare etter stien innover til Ranessetra. På Ranessetra serverte Nils Mogstad kaffe frå svartkjelen og fyrstekake som tilbehør til kaffen.
Les heile sakaAllerede på andre skuledagen benytta elevar og tilsette ved Todalen oppvekstsenter det fine vêret og tok ein utedag. Naturleg vis ikkje ein fridag, men ein dag med fagleg innhald tur retur Tårnet. Elevane vart frakta opp skogsvegen i Øyalia, og gjekk det siste stykket opp.
Les heile sakaI morgon klokka 18 er det oppstart med ein ny runde lagseriestemne fortel Ingeborg Myrvang til todalen.no. Da er alle ungar i bygda inviterte til Bordholmen for å teste ut sine ferdigheiter innan alskens friidrettsgreiner som lengde, ballkast og sprint for å nemne noko.
Les heile sakaOnsdag er søppeldag – og da er det fast opplegg med todalstur for Nils Sylte i Hamos, iallfall i månadane mai til og med august. Frå 1. september er det igjen vinterrute som kjøres, og da blir det tømming annakvar veke for restavfall og kvar 4. veke for papir og plastinnsamling, fortel Nils. Vi trefte […]
Les heile sakaDenne veka har Trønder-Energi drive vedlikehald av dei kunstige terkslane og hølane i Toåa. Det ansvaret er knytta til konsesjonsvilkåra for Driva kraftverk, på same måte som settefiskanlegget i Rossåa. Vi har årleg miljøtilsyn av anlegga i Toåa, men dei står godt og det har berre vore gjort små reparasjonar og justeringar denne gongen, fortel Sveinung F. Susort frå Trønderenergi til Todalen.no.
Les heile sakaDa har vi mottatt nok eit bilde som viser ny banerekord på den populære frisbeegolfbanen på Bordholmen. Gofarane i Surnadal Frisbeegolf har ved fleire anledningar besøkt Todalen for å gå runden, og med stor sansynlegheit slå tidlegare rekord. Sist søndag var det Eskil Mogstad, Vetle Kvande, Stein Todalshaug, Einar Sæterbø og Sander Reiten som var ute på nye […]
Les heile sakaI dag var vi oppmøtte i Todalen skule da klokka var 8.30 for å få med oss skulestarten. Det var også 23 elevar som strutta av energi, og var glade for å treffast på skuleplassen igjen etter ein lang sommarferie. 3 nye førsteklassingar var også på plass, med nye flotte skulesekkar, og stillte nok med store forventningar.
Les heile sakaPå Todalen Brygge og Pakkhuset Kro er no sommarsesongen på hell, og det blir etter kvart tidlegare mørkt om kveldane. Vanlegvis er denne «kantsesongen» mellom sommar og vinter tida mellom vinter og sommar litt dautid for oss som driv med turisme, fortel Synnøve helland ved Todalen brygge. Det jhar ho tenkt å gjera noko med, og i helga var det «premiere» for opplegget.
Les heile saka