Frå Todalen Historielags sitt arkiv på Facebook har vi funne nokre gamle bilder frå 17. mai i 1966 og 67. Her er årets tog på tur opp ungdomsstubrekkå. Bilda er levert av Åshild Halle.
Les heile saka
Frå Todalen Historielags sitt arkiv på Facebook har vi funne nokre gamle bilder frå 17. mai i 1966 og 67. Her er årets tog på tur opp ungdomsstubrekkå. Bilda er levert av Åshild Halle.
Les heile sakaIkkje sikkert så mange er kjent med Ja-benken i Todalen. Det er eit fint turmål som kan få opp litt puls, og ikkje minst belønnar med ei fin utsikt over Todalen frå ein litt anna vinkel eller det vi vanlegvis ser. Under er ein liten turbeskrivelse, gått frå Jostua-vasshuset- Petlia- «Ja-benken»-Flathaugen-Jostua.
Les heile sakaI siste utgave av Bondebladet er det ein fin reportasje om Håvard Halset som ønsker å satse på landbruket og ha dette som levebrød saman med sambuar og barn etter kvart. Møre og Romsdal er nedgangsfylke nummer ein når det gjeld landbruk. Også i Todalen er antal bruk redusert dei siste 10-åra, men dei som ennå held på vel å satse vidare.
Les heile sakaMåndag var det ein merkedag på Talgø – det første bygget frå den nye elementfabrikken vart lasta opp på 3 semitraller, og starta på turen oppover til mottakaren som held til i Bardu. På Eggen Gard i Bardu står stålkonstruksjonane klare til å ta i mot veggelementa som skal bli ein ridehall på rundt 1400 m2.
Les heile sakaTodalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 3. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile sakaDenne veka blir det spela heile tre fotballkampar på Bordholmen. Tirsdag 3o.8 møter Søya/Todalen G12 Surnadal 2. Onsdag 31.8 møter Søya/Todalen G10 Surnadal 5 i nok eit lokaloppgjør. Og torsdag 1.9 er det Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G13 som gjorde det så bra i Norway cup som møter Elnesvågen.
Les heile sakaDet er ikkje noko nytt å ha utestand for Bernt Jørgensen. Alt før 85-åringen vart pensjonist, starta han med tresløyd på hobbybasis. Den gongen var det såpass stor produksjon, at han måtte ut i verden for å omsette produkta han laga. Dei første åra deltok Bernt på mange salgsmesser og ymse slag arrangement med sine tresløydprodukt. Etter […]
Les heile sakaReguleringsplana for Øygarden bustad på Nordvik er no lagt ut for offentleg ettersyn på heimesida til Surnadal kommune. Planforslaget viser eit nytt bustadområde på Nordvik. Det er også planlagt eige område for hytter, rorbuer/naust, samt småbåtanlegg og badeplass.
Les heile sakaSurnadal Senterparti inviterer til medlemsmøte – MANDAG DEN 29. AUGUST KL. 20.00 – på Surnadal kommunehus (Kommunestyresalen).
Les heile sakaBli med på Trollheimsmarsjen, oppfordrar I.L. Ulvungen og Todalen I.L. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to laga, og marsjen har start på Bordholmen stadion i Todalen, og går over fjellet til Ålvundeid og har målgang på Leikvoll stadion – tilsaman rundt 13 km frå start til mål.
Les heile sakaShortsføre med strålande sol og tendensar til solbrilleskille var ikkje det som dominerte på Søyabanen i dag under årets Søyacup. Likevel gikk årets arrangement som ein leik for det drevne mannskapet som står bak. Med smått og stort er det rundt 80 frivillige som står på for at nesten 550 ungar i alderen 6-12 år fordelt på 72 lag får ein minnerik dag på fotballbanen.
Les heile sakaSurnadal Røde Kors arrangerer årets loppemarked lørdag 17. september. Er det nokon som har lopper, kan desse leveres tirsdag 30. august kl 1930-2100 i Røde Kors – huset på Bøvra.
Les heile saka