Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotoprosjekt: – Øverskaret i mange variasjonar

Jon Olav Ørsal Fredag 3. mars 2017

Frå Frode Grønmyr har vi fått ein fin serie med utsiktsbilder. Det er eit einsformig motiv – utsikt frå Øverskaret i Romålia, men du verden for alle flotte variasjonar som Frode har fanga inn! Frode har til fulle bevist at det er lyset som skapar motiva i seien som består av 12 bilder. Og du verden så fine bilder – eit for kvar månad – ta deg tid til å sjå gjennom bildegalleriet.

Var det fotoprosjektet som vart eit trimprosjekt, eller vart det omvendt, Frode? Foto: Jon Olav Ørsal

Frode fortel at han starta for 2-3 år sia – og nettopp i Romålia.  Han fann eit fint utsiktspunkt like ved Øverskaret, der det var flott utsikt utover Hallanesset og nedover heile bygda.  Dermed vart ideen unnfanga om å ta bilde derfra til alle årstide og til forskjellige tider på døgnet, for nettopp å vise kor stor forskjell det kan være og kor vanskeleg det kan være å få gode bilder. Prosjektet var mesta meir som eit trimprosjekt enn som fotoprosjekt, for det vart mange turar opp til Øverskaret før Frode var nøgd med farger og bildekvalitet og fokus. For Frode er vant til å stille skarpt – det har vi erfart tidlegare. FRode har faktisk vunne konkurransen om årets bilete på Todalen.no opptil fleire gong.

Nedafor har vi laga eit bildegalleri av bildeserien frå Øverskaret i Romålia – alle bilder:  Frode Grønmyr

Publisert: 3. mars 2017, 20:25