Svinviks arboret fikk skikkeleg napp på podekurset dei arrangerte. Rundt 2o deltakarar møtte opp for å lære å pode frukttre, og dei fikk først litt innføring i podekunsten, før dei fikk prøve seg på eigne podekvistar med både epletre og kirsebærtre.
Les heile saka
Måndag 13. mars går Kløverturen utover Ansnesvegen.
Les heile saka
Søndag er det gudsteneste kl.17.00 i Stangvik kyrkje. Prost Leif Endre Grutle deltek i gudstenesta og held preika for dagen. Liturg er Torbjørn Brøske. Etter gudstenesta er alle velkomne til samling i kyrkjelydshusetrommet i Stangvik prestegard.
Les heile saka
TILs skutergruppe melder om oppkøyrte skuterspor på alle frontar. Det er i dag tidleg køyrt opp spor både frå Innerdalsmerket og frå Øyalia, og til Talgøsetra, Tristeinan og til Skihytta.
Les heile saka
Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset ladar kanonene, og sprengjer ut eit splitter nytt humorshow, og ankjem Surnadal kulturhus fredag 17. mars. Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening etterlyser veteranar fra Tysklandsbrigaden. Alle som har tjenestegjort i tysklandsbrigaden er nemlig kvalifisert til å få medalje for tjeneste i internasjonale operasjoner, skriv INF i en pressemelding…
Les heile saka
Då var avstemninga for månadens bilete for februar ferdig, og vi kan gratulere Ragnar Østvik som vinnar med biletet «Midtfjords». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Dei siste dagane har vore fine vintardagar, så om du har teke eit bilete, send det gjerne til oss som dagens bilete.
Les heile saka
Surnadal hornmusikk og koret VOX m/band inviterer i kveld til første oppsetning av Film- og musikalaften på Surnadal kulturhus. Etter eit godt førehandssalg av billettar er det i tillegg til kveldens og morgondagens forestilling sett opp ei ekstraforestilling laurdag 11. mars også.
Les heile saka
Tysdag 14. mars er det tid for årsmøte i Todalen.no. Det skjer i Todalen ungdomshus kl 19.30, og det er sendt ut innkalling til medlemane i foreninga, som er lag, organisasjonar og bedrifter i nærområdet. Velkomne til årsmøtet er også våre støttemedlemmar som har tegna personleg medlemskap.
Les heile saka
Onsdag var det tid for karneval på skulen. Siste økta før lunsj kom ansiktsmåling og utledingsklede fram, og det vart stor aktivitet framfor speglar, i garderobar og i krokar.
Les heile saka
SIL Langrenn inviterer til sonerenn på Nordmarka Skisenter tysdag 14. mars kl. 18.30. Kveldens distanse er fristil. På grunn av at idrettslaget skal arrangere SpareBank1 Cup i slutten av mars, bruker dei dette rennet til å få testa tidtakarutstyret sitt. Det blir derfor tidtaking med brikke.
Les heile saka
Februar og mars er travle årsmøtemånader, og måndag 6. mars var det tid for årsmøte i Stangvik historielag. Det var godt oppmøte med ein engasjert årsmøtelyd.
Les heile saka