Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Satsar på Agrisjå 2017

Jon Olav Ørsal Fredag 25. august 2017

Talgø MøreTre er på plass i Stjørdal, der landbruksutstillinga Agrisjå 2017 startar i dag.  Dei siste dagane har det vore jobba på spreng for å få på plass utstillinga som spesielt har fokus på landbruksbygg i tre, basert på Møre Royal. Det er venta mykje besøk på Agrisjå 2017, både frå nærområdet og frå resten av landet. Frå Surnadal arrangere dei lokale bondelaga busstur til messa.

Agrisjå 2017 samlar over 320 utstillarar både frå inn- og utland, og det er stor breidde i det som blir vist på messa. Sjølvsagt er det mykje maskiner og moderne utstyr, men det er også plass til husdyr og andre ting.  Som sagt er det landbruksbygg i tre som er satsingsområdet for Talgø MøreTre på Agrisjå 2017, og tre i landbruksbygg er meir aktuelt enn nokon gong, seier Nils Ove Bruset hos Talgø MøreTre. Det er Nils Ove Bruset og Svein Løvik som representerer på Talgø Møretre’s stand på messa.

Tormod Rachløw og Bjørn Sæterbø montertye utstillinga for talgø Møretre på Agrisjå 2017. Foto. Jon Olav Ørsal

Bjørn Sæterbø og Tormod Rachløw gjorde monteringsjobben i Stjørdal og har sendt oss bilder derfra. 

Publisert: 25. august 2017, 11:10