Terje Nordvik har vore nytta finvêret i dag til ein luftetur til skihytta. Han gikk den klassiske turvarianten, med start i Øyalia og oppover til Langmyra og passerte elva på vintervadet. Han rapporterer om bra med snø og kjempefint skiføre i høgda.
Les heile saka
Fredag og laurdag er Saniteten på plass på butikken for å selge maiblomsten til bygdefolket og andre som stikk innom Matkroken. Og det er ikkje noko dei har begynt med no, for maiblomsten har vore i sal heilt sia 1909, fortel Dordi Jorunn Halle og Marit Sandens Søyset som satt der i dag.
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti inviterer til tradisjonell markering av 1. mai i Surnadal Kulturhus. kulturhuset på Skei, 1. mai fra kl 17.00 og utover. På programmet er tale for dagen, der Tove Lise torve fra Sunndal er hovedtaler. Videre får vi kulturelle innslag fra Surnadal Hornmusikk og sangkoret Tormod, og elles bys det på kaffe og kaker og loddsalg…
Les heile saka
I dag innleia Surnadal pensjonistlags stavganggruppe den nye sesongen med tur til Haltbakkan, og med 42 deltakarar vart det vel nærast rekorddeltaking. Det var oppmøte ved Sjøleet, der vegen tek av utover til Haltbakkan.
Les heile saka
Nordvik grendelag hadde årsmøte onsdag 26. april med godt oppmøte. Grendalaget arbeider for trivsel og samhald i gamle Nordvik skulekrins, og alle som bur i grenda og er fylt 16 år, er automatisk medlemer i laget.
Les heile saka
I kveld var det dugnad på kyrkjegarden. Langt over 30 mann stilte på rydding og fliing til vårs, og helgas konfirmasjon. Og med tanke på at snøen låg på plenene i dag tidleg gjekk likevel alt som planlagt.
Les heile saka
Måndag kveld var Surnadal husflidslag vertskap på det dei kalla «storkvinneforening» i sine lokaler på Nymoen. Her hadde dei inviter alle sanitetsforeningane og andre kvinneforeningar til eit retteleg stormøte for å orientere om aktiviteten sin.
Les heile saka
Styret i Todalen IL melder om at soliariumet er stengt no og fram til fredag. Dette er grunna installasjon og testing av nytt låssystem på solariumet, etter at ei ny strålevernlov trådte i kraft 1.1.17. Denne krev at alle solarium skal ha alderskontroll ved bruk av solarier.
Les heile saka
Heile bygda er kanskje å dra det langt, men det var iallfall nærare tretti munnar som vart metta med lapskaus i Sanitetshuset i dag. Det var beredskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som hadde invitert på middag og som vart traktert, først med lapskaus og så med sviskegraut med fløyte og kaffe og kaker til slutt.
Les heile saka
Etter ein vinterleg innspurt med snøbyger, nattfrøst og snøslaps på vegane, ser det ut som våren endeleg er på veg. I slutten av veka blir det finvêr, og i neste veke blir det etter meldingane 2-sifra varmegrader, skal vi tru yr.no i sitt langtidsvarsel.
Les heile saka
Todalen IL har i kveld trekt vinnarane av Surnadal kommune sine gratisbillettar i oppgjøret mellom KBK og LSK 13. mai. Dei heldige vart….
Les heile saka
Etter ein lang påskeferie er det klart for ny Kløvertur måndag 24. april. Turen går frå Nordvik og utover Haltbakkvegen, fin grusveg og ikkje bratt. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00.
Les heile saka