Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lever med brannfaren – er klar til å evakuere…

Jon Olav Ørsal Fredag 13. oktober 2017

Ein telefon til California i dag bekreftar at todalingen Jean Kvendset har det bra heime i Pope Valley, til tross for at det raser fleire hundre brannar i den nordlege delen av California der ho bur. – Klokka er berre 7 om morgonen når vi ringer, men Jean har alt vore opp eit par timar. Himmelen mot sør og aust er ekstra raud på grunn av røyken som ligg i lufta og minner om dei mange skogbrannane.
Jean og broren Mark driv med vindruer, og i dag starta innhaustinga alt kl 5, med eit tjuetal innleigde plukkarar. Da var det enno mørkt, og dei måtte bruke lys for å arbeide. I løpet av dagen skal dei hauste rundt 15 tonn med Cabernet vindruer, som skal leverast til eit presseri som skal lage vin av druene. Dette såg ut til å bli forsinka på grunn av straummangel, men straumen er tilbake og no er vi altså i gang med innhaustinga.

Arbeidet med innhausting starta i 5-tida før det vart lyst. Foto: Jean G. Kvendset.

Da vi snakka med Jean var ho inne for å få seg ein kaffekopp og litt frukost, men det er travle tider med innhausting no. Sjølv med overhangande brannfare i heile delstaten, så må livet gå sin gang – vi er nødt til å få gjort det som skal gjerast og jobben skjer i kappløp med brannfaren.
Akkurat no er det litt vind frå nord – slik som landvind heime i Todalen – og det er gunstig med tanke på brannfaren – og det er meld aukande vindstyrke til natta. Så langt har Pope valley vore forskåna for brannar, med det kan endrast fort, seiar Jean. Ho er ikkje redd, men man blir vel litt på tå hev lell da. Katastrofebrannen i Santa Rosa, der dotera Birgitte og familien mista hus og heim tidlegare i veka minner om alvoret i dette. – Det er nok den største brannkatastrofen vi har opplevd her i området.

Sør og austhimmelen slik den såg ut ved soloppgang – prega av mykje røyk i lufta. Foto: Jean G. Kvendset

Det er berre ein times køyring frå Pope Valley til Santa Rosa, men vi kan ikkje dra på besøk til kvarandre no, for det er mange vegar som er stengt og brannfaren er enno overhengande. – Oktober månad er da også den verste tida for skogbrann. Da er det tørt og varmt og det er mykje vind. I august og september har vi hatt varme opp i 45 grader. Ekspertane trur at det er vinden som har gjort at kraftlinene har slått saman og laga mange brannar – og no er dette heilt ute av kontroll med fleire hundre brannar – spesielt i den nordre delen av California.

Men sjølv Jean føler seg trygg i Pope Valley har ho bilen ferdigpakka og klar for evakuering dersom det blir nødvendig. Dette har ho prøv før – for eit par år sia var det ein stor skogbrann i Pope Valley, men den gongen gjekk det bra. No er ho sjølvsagt oppteken med Birgitte og familien, som mista både hus og heim. Dei har budd eit par dagar på hotell, men no har dei fått låne eit hus av venner i eit par veker, men korleis det blir vidare veit ho ikkje. Dei må passe arbeidet sitt, og barnebarnet Madelin som går i 8. klasse må passe skulegangen. Men vi får vel besøke kvarande i helgar og feriar, for det kjem nok til å ta tid før dei får bygd nytt hus. Men heldigvis har dei forsikringane i orden, seier Jean.

Til slutt, og før vi takkar for praten, seier Jean at dei setter stor pris på all støtte og omtanke dei har fått, både frå Todalen og andre plassar. Det sett vi stor pris på, både eg i Pope Valley, Birgitte og familie i Santa Rosa og Line og familie i Todalen.

Vindruene av sorten Cabernet – blir fylt opp i store kassar på rundt 500 kilo – til saman skal det haustast rundt 15 tonn med vindruer.

Sola er komen – her pågår innhaustinga av druene for fullt. Foto: Jean G. Kvendset

Publisert: 13. oktober 2017, 16:00