Tida går fort – i dag er det faktisk 4 år sia det store raset gikk uti Stranda. Det isolerte bygda totalt, da det kutta både kraftlinje og veg inn til Todalen. Plutseleg var vi isolert, og vi måtte improvisere for å få ting til å fungere. Men det gikk, og det gikk bra. Sjølv om det var ferietid vart det funne løysingar på det meste, og alle la godviljen til for å finne løysingar – både i og utafor Todalen.
Les heile saka
Som tidlegare år, er også Todalen representert med spelarar på ulike lag under årets Norway Cup. Vi har på dag 1 fått tilsendt både bilder og resultat frå fleire av dei aktuelle laga som i dag har vore i aksjon i sin 1. kamp i det innleiande gruppespelet. Vi satsar på daglege oppdateringar med både resultat og bilder, på og utanfor banen.
Les heile saka
I dei to siste dagene har KBK-stallen med bortimot fullt støtteapparat vore i Surnadal på samling. Som eit ledd i oppkjøyringa til neste helgs storkamp mot Rosenborg, har det nyankomne tippeligalaget lånt Surnadal IL sin grasbane til trening både fredag og laurdag.
Les heile saka
To trimpostar som ligg nært, men som vi aldri har besøkt er Bjønndulu og Mulneset. Da kan du kort og godt parkere ved Åsbøen, og ta føtene fatt utover til Mulneset. På turen utover passerer du Bjønndulu, og der kan du berre ta ein liten avstikkar bort til TV/bredbandsantenna som går 20-30 meter til vers, og som er lett å finne.
Les heile saka
Laurdag kveld, 29. juli, er det open pub på Pakkhuset kro på Todalsøra, der Synnøve Helland og Erling Halle er vertskap. Dei byr på alle rettigheiter, og puben er open frå kl 21 og utover. Dette er ei høveleg anledning til å treffe gamle venner som er heime på ferie og alle er velkomne til ein triveleg pubkveld sier Synnøve til Todalen.no
Ordførar Lilly Gunn Nyheim inviterer folk i alle aldrar til å bli med ut på tur måndag 31. juli (kl. 17). Startpunkt for turen er Heggemsneset i Bøfjorden, og turmålet Kallset. Dette er ein svært familievennleg tur. Den går etter grusvegen utover, ein relativt lett trasé som vil passe både barn og vaksne. Det er også mulegheit for både rullestol og barnevogn.
Les heile saka
Svein Håvard Brøndbo og Tommy Settem tok på seg dykkardrakt og let seg flyte med elva nedover frå Romåhølen ved Falløya. På vegen nedover gjorde dei observasjonar av laks og aure, og på denne strekninga rekna deil heile 70 laks og aure – 10 til 15 av dei kan definerast som storlaks kunne dei fortelje.
Les heile saka
Ja, det får være Øystein Sundes ord, for på skytebanen i Ranheimsvingen der er det treffsikre skyttarar på standplassen. Da vi stakk innom hadde dei aller fleste gjort unna skytinga og med god resultat. Søya og Todalen skytterlag er iallfall i full gang med skyteprøver til storviltjakta – no blir det skyting kvar måndagskveld frå kl 18 til kl 20 heilt til utangen av august.
Les heile saka
Søndag såg ut til å bli ein grå dag – utan sol og finvêr som vi har vorte vante til dei siste dagane. Dersom dette var havskodde, så er det sikkert fint å kome seg opp i høgda, tenkte vi og da stå valet mellom to destinasjonar – enten Fjellgardane og Vangshaugen eller Aursjøvegen. – Valet fall på Fjellgardene og dermed bar det i veg til Sunndal og oppover til Gjøra, der vi svinga av frå RV70. Til Vangshaugen er det 14 km frå krysset på Gjøra.
Les heile saka
Med langtidsvarsel på yr.no som lovar sumarvêr og temperaturar som ligg langt over det vi har vore vant til den siste tida, kan vi kome med ei anbefalt utflukt som kan passe for alle – nemleg til Nauståfossen ved Kårvatn. Enten du har eit lokalt utgangspunkt eller om du startar med bil så blir parkeringsplassen på Kårvatn utgangspunktet for fotturen.
Les heile saka
Kristiansvarden er eit kjent landmerke på turen frå Todalen til Surnadal. På tur frå Hauahyllå innover mot Skei ser ein Kristiansvarden trone mot himmelen ovanfor Kvennbøgardane.
Les heile saka
Ein skulle ikkje tru to «krigsfilmar» skulle få så gjennomgåande gode kritikkar. Ulike er dei også.
Den eine, «Dunkirk», er basert på den sanne historia der 400.000 soldatar er på vill flukt frå den tyske
overmakta ved Dunkerque våren 1940. Der møter dei havet og det ligg an til å bli krigens verste
nedslakting av soldatar – og 2. verdskrig ville muleg fått eit heilt anna utfall om det hadde skjedd. Da
blir det mobilisert det som er er av båtar på andre sida av kanalen for å redde soldatane «heim» til
England i tide.
Les heile saka