Da medlemskontingenten for Todalen Idrettslag for 2021 vart utsent tidlegare i haust, oppstod det ein liten feil. Feilen er at forfallet vart sett til 14.11.2021, nesten tre månader fram i tid. Dette skulle ha vore 14.09.2021. Difor oppfordrar Todalen Idrettslag sine medlemmer til å snarast betale kontingenten for 2021, sjølv om forfallsdatoen framleis er om over ein månad.
Les heile saka
Laurdag var det offisiell opning av trimappen «På tur i Todalen ved gapahuken i Båthølen. Appen blir levert av Turpoeng, og kan lastast ned både på iPhone og Android. Knapr 40 trimmarar hadde teke turen for å vere med på den offisielle lanseringa, sjølv om turmåla opna for registrering frå fredag, og allereie var teke i bruk av fleire turgåarar.
Les heile saka
Folkeakademiet og Surnadal heimbygdlag inviterer møte om språk og språkhistorie tysdag 5. okotber kl. 19:00 på Biblioteket i Surnadal kulturhus. Sylfest Loheim er kveldens kåsør.
Les heile saka
I går kveld var Søya/Todalen G9 i Ålvundfjorden og spela kamp mot Kvass/Ulvungen. Kampen vart spela innandørs i fotballhallen til Kvass/Ulvungen på Ålvundfjord stadion, noko som passa bra på ein kveld med mykje vind. Kampen vart, som ofte lokaloppgjer blir, ein jamn kamp der laga skifta på å ha føringa i målprotokollen. Rapportane fortel om […]
Les heile saka
Torsdag kvald samla Byggmakker Surnadal eit 50-tal av sin proff-kunder til messe på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Dei fleste av proffkundane er antreprenørar elle snekkarar som nyttar Byggmakker som leverandør av byggevarer. Denne kvelden var det invitert med 11 leverandørar som presenterte sine produkt for interesserte handverkarar.
Les heile saka
Frå 1.oktober blir trimpostane til Trimgruppa i Todalen Idrettslag, som tidlegare nemnt, opna for digital registrering gjennom appen Turpoeng. Frå neste veke vil: «http://www.trimpoeng.no/i/paa-tur-i-todalen/», bli «levande» og registreringa kan ta til. Her finn du alt av informasjon og rettleiing du treng for å kunne bli med på den digitale registreringa av trimturane dine. Her kan du ôg laste ned Trimpoeng-appen. Når det blir opna for å registrere seg i appen på telefonen, vil alle registrerte bli synlege. Samstundes vil turane med besøk, i samtid, bli synlege.
Les heile saka
Torsdag kveld inviterte Todalen Sanitetsforening til helsekveld i Todalen ungomshus, og mange møtte fram for å få med seg Kari Løvendahl Mogstad fortelje om demens, og Tonje Bjørnås, Helga Bele og Solveig Haglund fortelje om tilbodet «Inn på tunet».
Les heile saka
I strålende vær var det 33 personer som gjekk til Bøkeskogen i dag. Endelig en dag hvor regnkledene kunne være hjemme. Da vi startet var det 15 varmegrader, og da vi satte oss til bords på Svissholmen var temperaturen kommet til 19 grader. Med andre ord en strålende høstdag. Vi gjekk snarveien om prestegården, og da var det lett motbakke hele veien fram til Bøkeskogen som tok ca. 40 min.
Les heile saka
Todalen mjølk nyttar landvind og finvêr til å hauste inn siste rest av siloslåtten. Ein liten prat med Ståle Ansnes i Todalen Mjølk avslører at årets slåttesesong står fram som eit normalår når det gjel avling. 3.-slåtten er på rundt 6-700 mål for Todalen Mjølk, og utgjer rundt ein tredel av det totale arealet dei har til rådighet.
Les heile saka
Turen til Nordmøre var vel egentleg ei friarferd for moskusen som var på ein kort visit til Nordmøre sist veke. Moskusen vart observert i Rindal, og har vore hyppig gjest i media dei siste dagane. Etter kvart oppdaga nok moskusoksen at det ikkje fantes artsfrendar på Nordmøre, og sette derfor kursen heimover til Oppdal. Onsdag […]
Les heile saka
I går kveld ettermiddag var 17 barn og unge, i alderen 4 – 14 år, samla til sesongens siste friidrettskveld på Bordholmen stadion. Der sto lengde (med og utan tilløp), kast av liten ball, 60-meter og 400-meter på programmet.
Les heile saka
Laurdag 9.oktober klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til jubileumsfest i Todalen ungdomshus, saman med årets 50-årsjubilantar. Årets jubilantar vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1971. Det blir festmiddag med påfølgjande kaffe. Det blir ôg litt underhaldning, quiz og loddsal.
Les heile saka