I går kveld kom det ny forsyning med bøker til «minibiblioteket» i gapahuken i Båthølen. Det er Ragnhild A. Moe som har teke på seg å vere bibliotekar i «minibiblioteket». Biblioteket har vorte eit populært tilbod for mange dei som går seg tur i Toåa tursti.
Les heile saka
Laurdag 10. september inviterer Nordmøre Forsvarsforening alle sine medlemmer til den tradisjonelle historiske sommarturen sin. Årets sommartur går til Sunndalsøra. Oppmøte på Skei klokka 09:30, for vidare transport til Sunndalsøra. Dei som vil køyre direkte til Sunndalsøra, møter på Sunndal Rådhus klokka 10:45.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal bibliotek, får vi opplyst at biblioteket på kulturhuset no utvidar opningstida, og at biblioteket no også vil vere ope på fredagane att. Det er også gjort endringar på opningstida på måndagar, ved at biblioteket no vil vere ope mellom klokka 14:00 – 18:00 på måndagane.
Les heile saka
Torsdag 1. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang i Kvenndalen. Oppmøte ved bommen på Kvennbøen for samkøyring til gapahuken, der det blir parkering, for så å gå vidare derifrå.
Les heile saka
Siste måndagen i august skein sola frå skyfri himmel over Todalen, ein nydeleg dag for Kløvertur!
Les heile saka
Kulturlandskapsprisen 2022 går altså til Gudmund og Cathrine Kårvatn. Det opplyser Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i ei pressemelding i dag. Det er Statsforvalteren i Møre og Romsdal som deler ut prisen. – Garden deira, Kårvatn, ligg øvst i Todalen i Surnadal kommune. Garden vert driven imponerande allsidig og godt for folk og fe, seier Statsforvaltaren i pressemeldinga.
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer til hausttakkefest i Todalen kyrkje søndag 4. september klokka 11:00. Det blir også utdeling av bøker til 4 og 6-åringane. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt G. Bøe er organist.
Les heile saka
Natacha Nordvik på Liatun, undrar på om nokon har sett katten hennar Simba? Simba er ein kastrert hankatt på eitt og eit halvt år, og han er glad i folk. Han har vore borte sidan torsdag sist veke, og Natacha lurer på om nokon har sett han?
Les heile saka
Onsdag 31. august klokka 18:00, inviterer Barne- og og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag alle i Todalen, på Nordvik, og resten av Todalen og Stangvik skulekrins, til friidrett på Bordholmen stadion. Det blir lengde (med og utan tilløp), kast med liten ball og springing av 60 og 400 meter.
Les heile saka
Martinus Ørsund, hos Statnett SF, melder at det frå i dag og fram til fredag, vil bli bli detonert eksplosivar i ei høgspentmast langs Auralinja, frå Todalen litt opp i lia mot fjellet. Grunnen til dette er naudsynt arbeid som følge av eit havari. Statnett SF beklagar den korte fristen for varslinga, men havariet gjer det naudsynt å få gjort dette arbeidet med ein gong.
Les heile saka
Fredag 2. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Les heile saka
Den 16. juli hadde vi ei sak om eit ras som hadde gått i Åsbøsnyta som hadde stoppa før det kom ned til vegen. Vi hadde eit par bilder som var tekne på avstand, slik at det var vasnkeleg å sjå kor stort det var. Anders Magne Ormset, som driv jakt i området her, var i området her i går som førebuing til jakta. Han vart overraska over kort stor raset var, og har sendt oss bilde frå rasområdet
Les heile saka