…slike e gode å ha, avslutta 1.-7. klasse ved Todalen oppvekstsenter etter nok ei sommaravslutning med stil. Her hadde ungane som tidlegare år øva både vel og lenge for å levere bra underhaldning. Nesten alle elevane deltok, nokon med meir entusiasme enn andre, og bidrog til stolte foreldre og besteforeldre.
Les heile saka
Tysdag kveld var det «full puss» på Bordholmen, og klargjering til Todalsdagen som arrangeres laurdag 30. juni. Da kjem eit førtital fotballag med knøtter, miniputter og lilleputtar på Todalscup og da må anlegget vera strøkent. Det var fleire arbeidslag som var i aksjon rundt omkring på anlegget, der nokre dreiv rydding i lagerbygget medan andre dreiv slåttearbeid eller reparerte utgarden som vart øydelagt av stormen Dagmar i vinter.
Les heile saka
Vegen er no åpna klar for ferdsel, etter uhellet i 16-tida i dag. Redaksjonen takkar for løpande oppdateringar frå ulykkesstaden.
Les heile saka
Litt regn det siste døgnet gjorde susen for laksefisket i Toåa. Det vart litt større vassføring og det ga litt farge på vatnet. Ein blidspent halsabygg som heiter Johan Nygaard, kom til Todalshytta med ein fin holaks tysdag ettermiddag. Vekta stoppa på ca 6 kg og den var 86 cm. Nygaard tok laksen i Skjorahølen, og det skjedde på tredje kastet i dag, kunne han fortelje. Det er no god vassføring i Toåa, og ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset reknar med at det blir bra fiske utover veka.
Denne månaden kan vi gratulere Marit Sanden Søyset som vinnar av månadens bilete. Denne månaden var det jamnt, og kun nokre få stemmer skilde dei bileta som fikk flest stemmer.
Les heile saka
Tysdag kveld er det dugnad på Bordholmen, der førebuing på Todalsdagen står på programmet. Det er behov for alle slag redskap som kan kome til nytta i dette arbeidet. Dugnaden startar kl 18.00. Banesjef Håvard Halset er ansvarleg for å koordinere arbeidet og fordel jobbar på mannskapet, og han lokkar med dugnadskaffe når det lir utpå kvelden.
Torsdag 21. juni startar TV-serien «Allsang på grensen» på TV2. Det er ein serie på 7 program som sendes frå Fredriksten Festning i Halden, og går på torsdagkveldar gjennom heile sommaren, med Katrine Moholt som programledar. Alt i premiere programmet er kvennalandingen Torstein Snekvik ein av gjestane, der han får godt selskap av mellom anna Madcon, Hanne Sørvaag, Maria Haukaas Mittet, Venke Knutson, Halvdan Sivertsen og med Vinni som gjesteprogramledar.
Les heile saka
Styret i Todalen Båtforening melder at vedlikeholdsarbeidet på bryggeanlegget på båthavna nå er ferdig. Medlemmene får dermed klarsignal for å sette ut båtene sine, noe de sikkert har ventet på. Det avsluttende arbeidet på havneanlegget ble utført søndag, da montering av de siste utliggerne og justering av fortøyninger ble gjort.
Les heile saka
Todalen Knøtt deltok søndag 17. juni på SILregn-cup i Surnadal. Vi spilte tre kamper. Første kamp for dagen var mot et sterkt kollektiv fra Surnadal. Todalen ble et nummer for små, men viste tegn til forbedring utover i kampen. Vi pyntet på resultatet med Martins aller første scoring. Pausen fram til neste kamp mot Rindal ble brukt godt. Potetskruer og brus gikk ned på høykant, og alle var godt oppe på sukker til kampstart. Vi ledet tidlig 5-2 og klarte å ro i land en 7-6 seier mot Rindalingene.
Les heile saka
Onsdag kveld kl 18 er det sykkeltrim. Det er start/registrering på Bordholmen og så kan du sykle kvar du vil. På Bordholmen kan du også kjøpa lodd i sykkellotteriet som blir trekt ved sesongslutt i haust. Salg av kafe og bakels og forfriskninga i kiosken. Pump luft i sykkelen og kom!
I helga har 30 jenter og gutar tilhøyrande G12 og J12 Søya/Todalen vore på Romsdalscup i Malmefjorden for å representere «klubben i sitt hjerte». Dei starta turen tidleg laurdags morgon med 2 minibussar, ei campingvogn, ein bobil og fleire privatbilar for å rekke første kampen halv 12. På stadion vart det rigga til eigen base som dei oppheld seg heile dagen, med kort veg til dei ulike banane som kampane vart spela på.
Les heile saka
Dei første laksane frå Toåa er forlengst komne på land. Fisket etter laks- og sjøaure starta fredag 15., og den første laksen kom på land alt første natta. Den var på 4-5 kg, og i tillegg seier ryktebørset at ein 6-7 er teken. Sikkert er det i allfall Tor lerstang og Terje Lind tok kvar sin smålaks på føremiddagen søndag. Terje Lind tok ein på knappe 4 kg i Skjorahølen, medan Tor Lerstang tok sin på rundt 3 kg 0mtrent samtidig i Inneråhølen. Ellers kan fleire rapporter om at dei har hatt laks på kroksen som dei har mista. Toåa steig utover dagen søndag, og det er venta meir resultat av laksefisket mot kveldinga.
Les heile saka