Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.
Les heile sakaDen steikande sola har ødelagt besøket for storfilm på storfilm denne våren. Men det er ikkje for seint melder Steinar Hasselø ved Surnadal Kulturhus.
For både «Solo: A Star Wars Story» (12 år) og «Deadpool 2» (15 år) vil få sjansen til å rette opp publikumstalet no og da framover på Surnadal kino
Les heile sakaSurnadal pensjonistlag planlegg tur til Frøya 25. – 26. juli med avgang frå Skei kl 0900 og med retur neste ettermiddag. Stenberg køyrer, og det blir overnatting på Hotell Frøya med lunsj ved ankomst, 3 – retters festmiddag og frukost, samt lunsj dag 2, skriv Kristian Ranes i ein epost til redaksjonen.
Les heile sakaDenne store lesekampanjen «Sommarles» starta 1. juni, og så langt har knapt 30 prosent av dei som går i grunnskulen i Surnadal meldt seg på (frå dei som skal starte i 1. klasse til hausten, til dei som går 7. klasse). Det er bra – men vi skulle gjerne hatt enno fleire med!
Les heile sakaFor femte år på rad har Dagsentret for eldre og Rehabsona i heimetenesta samarbeidd om å arrangere «onnadag» på uteområdet attafor sjukeheimen. Det er eit arrangement som engasjerer mange, og som skaper liv og røre. Her er folk og dyr i skjønn forening, og det er lagt vekt på at trivselfaktoren skal være høg både for store og små.
Les heile sakaI går kveld møttes Surnadal/Søya/Todalen til kamp mot Tingvoll/Straumsnes i G16 serien på Bordholmen. Tingvoll/Straumsnes tok leiinga frå start og hadde rimeleg kontroll gjennom heile kampen. Desse gutane er del av ein enda større stall, som stiller lag i både 7’er og 11’er klassen. Kveldens kamp var i 7’er spel.
Les heile sakaNo er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem tysdag 26. juni og onsdag 27. juni. Ho har mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]
Les heile sakaOgså i dag er det fotballkamp på Bordholmen. Da er det Surnadal/Søya/Todalen som får besøk av Tingvoll/Straumsnes i klassen G16. Dei skal spele 7’er, og startar klokka 19.
Les heile sakaUngdomshuset var i kveld nesten fullt av engasjerte todalingar med eit felles mål; å få Todalen til å bli ein enda meir attraktiv plass å bu på enn den allerede er. PT-utvalget ved Jostein Bruset og Jo Gjeldnes gjekk igjennom status på folketalet i bygda dei siste 20-åra, og kunne fort konstatere at det definitivt har gått nedover dei siste åra, men at vi absolutt burde kunne fokusere på vekst og tilflytting i ein snuingsprosess.
Les heile sakaGammelfabrikken, Fossheim, var base for dagens Kløverrusletur. Da turgåarane møttest på Kvennsetøran var det kald nordåvind, og det var litt usikkert om det var ver til trim og kaffelag ute i det fri.
Les heile sakaPt-utvalget minner om idedugnaden kl 19 i Todalen ungdomshus klokka 19 i kveld. Dei håpar så mange som muleg tek turen!
Kranaskjæret har kome skikkeleg i fokus den siste tida, og det er på grunn av utbygginga som skjer – midt i Vågen i Kristiansund. Interessant for oss i Todalen.no er det på grunn av at heile prosjektet er basert på MøreRoyal trematerialar frå Talgø MøreTre. Kranaskjæret har ei lang og spesiell historie, og har gjennom hundrevis av år vore sentral i skipsfarten både lokalt og globalt.
Les heile saka