I dag var det arrangert karneval på Todalen Oppvekstsenter, og jaggu dukka ikkje sjølvaste Donald Trump opp i lag med øvrige gjestar frå 1. til 7. trinn. Til lunsj vart det servert hamburger, og etterpå vart det danseleik, limbo og forsøk på å få hol på piñata.
Les heile saka
Rennleiar Nils Ove Bruset rapporterer finne forhold i fjellet – i dag har han og fleire til vore i fjellet opp mot Tydalsnebba og kan altså melde om fine forhold og godt føre i fjellet. Derfor ligg det an til ei flott randoneé-helg med NorgesCup og med Dalahaugen Open for dei minste på Kårvatn i […]
Les heile saka
6. mars er det klart for årets Næringslivsdag i regi Surnadal Sparebank. Her er det eit velfylt program for alle påmeldte med fleire store navn på talelista, både lokale og nasjonale. Konferansier er også i år Bente Krangnes Edvardsen og ho har med seg banksjef Allan Troelsen og Eva Husby frå Føniks vask og rens som representerer Surnadal.
Les heile saka
LL Drift melder no om auke i sin portefølje innan eigedom og kjøpesenter og treng derfor enda fleire dyktige medarbeidarar. Dei lyser derfor i desse dagar ut to nyoppretta stillingar innan økonomi og forvaltning.
Les heile saka
Vi har tidlegare skreve om orgelet i Todalen kyrkje som no er under oppussing, og at det vart starta opp kronerulling for å dekkje vedlikehaldsbehovet. Anders Gjeldnes i Todalen sokneråd kan no fortelje at det så langt er komme inn i underkant av 25 000 kroner til formålet frå ulike hald i bygda, kor Todalen Historielag har bidrege med heile 20 000 kroner av desse.
Les heile saka
Surnadal Golfklubb minner sine medlemmer om årsmøtet førstkommende lørdag kl 19:00 på Thon Hotel Surnadal.
Les heile saka
Leiar i Todalen I.L. ber om at den som har teke vare på lagets startpistol kan gi eit lite signal, da den skal brukast på fellesstarten for randonee på Kårvatn i helga. Har du den heime hos deg så meld frå til Nils Ove Bruset på telefon 970 81 093 så snart som mulig!
Måndag 18. februar kom med nydeleg ver; sol og mild vind – eit lite streif av vår! På Kvennsetgarden har dei no lang solgang, og i dag gjekk heile Kløverturen i sol.
Les heile saka
Bibliotekar Karen Johanne melder at biblioteket dessverre ikkje er ope i kveld, måndag 18. februar. Men neste måndag er det vanleg opningstid. Vel møtt til boklån måndagskveldane frå kl 18.00 – 20.00!
Les heile saka
På laurdag var dugnadsgjengen som har tatt på seg oppdraget med å lage storliv rundt Dalahaugen under kommande helgs randoneerenn på «stadion» for å forberede alskens aktiviteter for gammal og ung. Og aktivitet blir det i massevis kan dugnadssjef Ragnar Halle fortelje. Under laurdagens dugnadsøkt vart det blant anna laga to hoppar, slalomløype og to ulike trassear for minirandonee.
Les heile saka
Sanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 18. februar. Oppmøte ved Hals, turstart kl. 11.00. Yr melder godt ver, kanskje sol til og med! Turrute blir bestemt ved oppmøte, denne gongen skal det vere tur utan glatt underlag.
Les heile saka
Norges Skiforbund stod som arrangør av randonée trenarkurs på Kårvatn i Todalen i helga. Trenarkurset samla 18 deltakarar fra heile landet, og sågar eit par svensker deltok i kurset som hadde base på Kårvatn, og som bruka både Dalalia og uteområdet ved Dalahaugen til «klasserom». Ove Erik Tronvoll var instruktør og han er nok godt kjent frå skimiljøet og har mange kjente namn på blokka si.
Les heile saka