Todalen Idrettslag har 4 biletter til kampen mellom KBK og Lillestrøm fredag 5. juli kl 18:00. Har du lyst til å sjå denne kampen så har du sjansen no! Først til mølla, sende SMS til Nils Ove Bruset på telefon 97 08 10 93

Todalen Idrettslag har 4 biletter til kampen mellom KBK og Lillestrøm fredag 5. juli kl 18:00. Har du lyst til å sjå denne kampen så har du sjansen no! Først til mølla, sende SMS til Nils Ove Bruset på telefon 97 08 10 93
Loppemarknaden under Todalsdagen begynner å bli ein skikkeleg tradisjon, og har skaffa mykje inntekt til Todalen I.L. Det er Fotballgruppa og Trimgruppa som deler inntekta frå loppemarknaden som årleg kjem på rund 20.000 kroner. No er det igjen tid for å rydde i kjellar og på loft for å finne fram høvelege lopper som kan seljast under Todalsdagen.
Les heile sakaSom tidlegare år er det laga eit programhefte som deles ut på Bordholmen og som er/blir putta i postkassane i Todalen. her finn du oversikt over programmet og du finn annonsørane som er våre sponsorer og som har vore med og gjort Todalsdagen 2019 mulig å gjennomføre.
Les heile sakaDet er viktig å halde kompetansen vedlike og repetere førstehjelpskunnskapen med jamne mellomrom, seier utrykningsleiar Håvard Halset i Todalen brannlag. I kveld var heile gjengen, det vil seie alle 6 som tilhører det lokale brannvernet for Todalen, samla på brannstasjonen og kveldens tema var førstehjelp. Dei arbeider heile tida for å dyktiggjera seg for situasjonar […]
Les heile sakaTorsdag kveld var det storproduksjon av grillspyd til Todalsdagen. Når 40 fotballag med tilhøyrande heiagjeng kjem på besøk på Bordholmen blir det eit stort behov for mat. – I kveld skal vi lage 5-600 grillspyd og massevis av heimlaga potetsalat og dressing for sal på Bordholmen på under Todalsdagen på laurdag.
Les heile sakaToåa tursti er no på det næraste fullfinansiert, fortel Elinor Bolme i prosjektkomiteen. Totalt er prosjektet rekna til å koste 1,2 mill. og seinast i dag kom den gledelege meldinga om at Olav Thons stiftelse har bevilga kr 200.000 til prosjektet.
Les heile sakaSøndag 30.juni kl. 11.00 er det gudsteneste med sokneprest Kristin Strand i Todalen kyrkje. Takkoffer til Kyrkjebladet.
Birgit Skarstein var gjennom organisasjonen MOT hyra inn for å være startar under årets Ræta Opp. Det hadde ho dessverre ikkje høve til, men ho har sendt oss ein videosnutt der ho oppfordrar alle til å bli med og ho helsar samtidig til slektningar på Kvanne.
Les heile sakaLaurdag vil styret i todalen.no ha stand på Bordholmen under Todalsdagen. Her blir det anledning både til å teikne nye personlege medlemskap for å støtte opp om nettsida, og å sjekke om du allereie er medlem men kanskje har gløymt å betale.
Les heile sakaRæta Opp er eit mosjonsløp på 3 km som har både start og målgang på Bordholmen. Ræta Opp er eigenleg eit spesielt løp som har eit sosialt tilsnitt, for startkontingenten går i si heilheit til eit samfunnsnyttig formål som kjem barn og ungdom til gode og som varierer frå år til år. I 2019 er det MOT Surnadal som er den heldig mottakar, fortel Ingvild Kårvatn som er løpsleiar.
Les heile sakaDei siste par dagane har det vore hektisk av grov steinmasse fra steindepotet i falla og ut av bygda. 2-3 tippbilar har nærast gått i skytteltrafikk nedover bygda og utover stranda.
Les heile sakaPå grunn av nødvendig arbeide på strømnettet, varsler Svorka om strømutkobling i området Surnadalseidet – Todalen – Melhus – Kvanne – Stangvik – Torvik, komande torsdag 27/6 kl. 23.00 til fredag 28/6 kl. 06.00. (blir det ekstraomgangar så blir det ca 23.30)
Det var mange protestar frå fotballfans som gjorde at Svorka endra utkoblingstida.