Friluftslinja ved Nordmøre Folkehøgskule har lang tradisjon for å arrangere fjellkurs for sine elevar på TILs skihytte på Ørsalfjellet. Sjølv om vêret ikkje var det aller beste starta dei ut på tur til hytta i dag – og klassen med 15 deltakarar skal friste opphald på skihytta eit par dagar framover, fortel Terje Nordvik som er leiar for hyttestyret og kontaktperson for skihytta.
Les heile saka
Oppdatering: Sanitetsforeninga minner om Kvinnhelsekvelden 27. januar kl. 19.00. NB! Da det er servering av varm mat, taco, er det ønskeleg med påmelding i god tid, altså i løpet av torsdag 23. januar!
Tlf.: Maren 906 86 907 eller: maren@pestua-gard.no
Todalen sanitetsforening inviterer til foredrag om kvinnehelse i Todalen ungdomshus måndag 27. januar kl. 19.00. Dette er eit viktig og aktuelt tema, og foredragshaldar er fastlege Kari Løvendahl Mogstad. Ho er spesialist i allmennmedisin, idrettslege og underviser legestudentar ved NTNU. Ho er samfunnsengasjert og ein populær og dyktig foredragshaldar.
Les heile saka
Todalen sokneråd informerer om at no er oppsettet for gudstenester våren 2020 klar. Det er i alt oppsett 9 gudstenester, og neste gudsteneste er søndag 9. februar kl. 11:00.
Les heile saka
Mykje vind og nedbør førte til at eit tre ga seg for overmakta og bøyde seg over vegen. Personbilar som ikkje var for høge kunne passere utan problem, men større bilar måtte litt utom vegkanten for å kome forbi. Begge skulebussane måtte smyge seg forbi staden, med det var ingen problem med å passere konstaterte skulebussjåfør Kristian Kjølstad.
Les heile saka
Posten har bestemt at dei skal gå over til å levere post annakvar 2-3 dagar i veka frå i sommar ein gong. Det har imidlertid vore uklart kva som skal skje med avisdistribusjonen, men no er det klart at det er Posten som har fått den jobben. Det vil seie at dei vann anbudet om o køyre ut aviser på vekedagar, medan Aktiv Norgesdistribusjon AS får distribusjon av aviser på laurdagar. Aktiv overtek etter Esay 2 you til neste år.
Les heile saka
Kristin Folsland Olsen trekte fullt hus med sin sitt foredrag hos Kårvatn Fjellutstyr måndag kveld. Det kom folk både frå fjern og nær for å høre og sjå bilder frå Kristins mange turer. Kristin hadde forresten premiere for sitt nye foredrag på Kårvatn, og har kalla foredraget for «From nature with love». Det omhandla turer og ekspedisjoner både i Norge, på Svalbard, på Baffin Island og til Antarktis – eller rettare sagt Sør-Georgia.
Les heile saka
I ettermiddag var det ei utforkøyring uti Stranda – nærare bestemt ved yttre Driva – der bilen hamna i grøfta. Nødetatane både frå Surnadal og Todalen rykka ut til staden. Det var ein person i bilen og føraren vart køyrt til legevakta for undersøking.
Talgø MøreTre har de siste årene vært samarbeidspartner og leverandør til TV-programserien «Eventyrlig oppussing» på TV3, der Halvor Bakke er programleder og designer. Det gode forholdet tas et skritt videre når Halvor Bakke nå formaliserer sitt samarbeid med nordmørsbedriften og blir MøreRoyal®-ambassadør de kommende årene.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr inviterer til handlekveld og foredrag med den eminente fotografen og turentusiasten Kristin Folsland Olsen! Kristin vil ha et motiverende og engasjerende foredrag om toppturer og andre spreke, sære og jordnære turer hun har gjennomført! Bli med og bli inspirert! – Handlekvelden starter 15.00, og foredraget som er gratis, starter kl. 19.30. Dette skjer mandag 20. januar i butikken på Kårvatn, forteller Fredrik Thoresen Sletten hos Kårvatn Fjellutstyr.
Les heile saka
Dei siste par månadene har prosjektet Toåa tursti kome i skuggen av julefeiringa, men no blir det full rulle utover våren, fortel Elinor Bolme som er ein av initiativtakarane for prosjektet. Laurdag var det dugnad, der skogrydding stod på dagsorden. Rundt 20 deltakarar på dugnad denne laurdag føremiddagen er heilt storarta, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L. som står attafor prosjektet som største bidragsytar.
Les heile saka
Tida er komen for årets bilete. Under finn du alle dei som vant månadens bilete ifjor, og dermed er med i kåringa for årets bilete 2019. Hjelp oss og stem fram ein vinnar, kva du legg i din stemme er opp til deg. Vi stenger avstemminga søndag 19 januar kl 19.00.Vinnaren blir annonsert på vårt årsmøte som vi pleier å avholde på mars.
Les heile saka
Fredag kveld hadde elevane i 5.-7. klasse ved Todalen skule invitert sine jamnaldringar frå Stangvik skule til nyttårsball. Den raude løperen var rulla ut, skjortene nystrøkne, og gymsalen pynta til det ugjenkjennelege.
Les heile saka