Fotballgruppa i Todalen idrettslag har i fleire år invitert sine sambygdingar til frukost etter biltoget – og før folketoget. Som oftast skjer dette på Bordholmen i friluft, men Ungdomshuset er backup i tilfelle dårleg vêr. Vêrmeldinga i går varsla kanskje ikkje noko vesentleg nedbør, men temperaturmeldinga på yr.no hadde ikkje meir enn 4-5 varmegrader å by på. Med litt vind i tillegg hadde det nok vorte surt på Bordholmen – difor vart frukosten i år i ungdomshuset.
Les heile saka
Vi mista for teljinga på antalet med deltakarbilar i årets biltog, men eit 60-tal bilar var nok med – og som tradisjonelt hadde start ved Halsbua og oppover bygda til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Der var det ein kort pause før togen fortsette nedover att til Todalen ungdomshus, der Todalen I.L. inviterte alle sambygdingar til frukost etterpå.
Les heile saka
Fredag kveld var ein gjeng 4H-arar samla i Skulstua på dataparty, også kalla LAN. Flest gutar, men eit par jenter hadde rigga seg til i gammelskulen med alskens datautstyr, headset, spelekonsollar og lystette gardiner. Her skulle seine kveldstimar overvinnast, for ingen hadde planer om å sove nevneverdig.
Les heile saka
Laurdag var Steinar Husby frå transportfirmaet Ottem i Todalen og omeng for å hente brukt brukt plast frå siloballar til resirkulering. Det blir bruka store mengder plast i landbruket, og det er viktig at dette blir samla inn og resirkulert – kanskje plasten kjem att som brusflasker eller kanskje ein flott fleece-jakke i neste omgang.
Les heile saka
Nordvik grendalag er no klare for å feire 17. mai i sitt eige grendahus. Inngangsparti og borda er pynta til fest og dei håpar at grendafolket stiller til hyggeleg sammankomst også i år.
Les heile saka
Det var mange kåte sprell da Ola Kvendset opna fjøsdøra laurdag, og ga dei 46 mjølkekyrne og kvigene hadde fri tilgang til å ta seg ut i luftegarden utafor fjøset. Sjølv om dei gjennom vinteren har hatt ein stor grad av fridom i lausdriftfjøset var det nok godt for dei å kome seg ut friluft – og til grønt gras.
Les heile saka
1. juni får flere i Todalen tilbud om langt raskere bredbånd. Da fortsetter nemlig Svorka utbyggingen av fiber, og i år er det Todalsøra/Bruset som står for tur. I fjor var det på Kvennset det var utbygging, og vi har prata med Mari Redalen som fortsatt er meget godt fornøyd med hastigheten etter at ho takket ja sist tilbudet var en realitet.
Les heile saka
Vi er godt i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden.
Les heile saka
Måndag 18. mai kjem SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum til Surnadal. Saman med SPs ordførarkandidat Margrethe Svinvik vil Vedum besøke fleire surnadalsbedrifter denne dagen, og startar på SIV Industriinkubator for å høre om deira prosjekt, – før turen går vidare til MøreTre og Pipe-Life. I tillegg vil Vedum ta del i ei samling for listekandidatar i lokallaga i nærområdet måndag kveld, melder nestleiar i Surnadal Senterparti, Lise Mari Bjerknesli.
Måndag 18. mai arrangerer TIL trimgruppa rundtur frå Halla over Flathauann, oppover til Hyllå – vidare etter skogsvegen i Petlia – til Lauvåa og ned til Husby.
Start frå Austistua på Halla kl 18:30, melder trimgruppa.
Det er gjort ei lita endring i programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen. Folketoget har tidlegare starta i skulen og gått nedover til kyrkja. Det var først sett opp slik i år også, men FAO har endra dette, slik at starten på folketoget blir som tidlegare sett opp kl 15.15 – etter gudstenesta og kransnedleggjinga.
Les heile saka
Trass i eit kraftig regnel i 11-12-tida og usikre vêrmeldingar, møtte 20 deltakarar opp ved Felleskjøpet i Halsa og vart med på stavgangturen til Megardsvatnet. Dette er òg ein av Stikk UT-turane i år. Vi parkerte bilane ved bommen før vi la på veg oppover. Vi var så heldige å ha med Hans Gujord som kjentmann og guide, og han fortalde namnet på alle plassane vi kunne skimta gjennom små opningar i skogen.
Les heile saka