Denne helga går søndagsturen til Svinvika, og blir ein runde i Gammemelvegen. Da har du også ein ypperleg sjanse til å besøke Svinviks arboret i same slengen. Der er blomstringa på topp no, og heile hagen står i full flor. Her kan du også ta deg ein kaffepause i arboretet kaffeteria.
Les heile saka
Torsdag kveld arangerte trimgruppa tur med både lokalhistorie, trim og triveleg sosialt samver. Veret var ikkje det beste, men tretten deltakarar vart med på ein interessant tur!
Les heile saka
Venner av Skulstuå inviterer til musikalsk aften onsdag 10.juni kl. 20.00 i Skulstuå. Tre habile trekkspelkarar underheld både med fengande musikk og ikkje minst gode historier mellom kvar melodi! Odd Arne Halaas (med aner frå Todalen) og Konrad Nerland har begge spela i Skulstuå tidlegare, og gler seg til å koma att!
Les heile saka
Det vart ein fenomenal konsert på Gammelfabrikken onsdag kveld , og over 150 nytta høvet til å få med seg denne happeningen. Og det er da heller ikkje kvar dag ein får ein slik artistgalla på scena – her stilte nemleg Asle Beck, Terje Nordgarden, Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman, Johanna Demker og Alf Bretteville på scena på ein og same kveld! Og du kan snakke om stinn brakke! Publikum var med frå første tone, og gjennom 2 ½ time – heilt til ekstranummeret var slutt.
Les heile saka
Jon Lunde tok på slutten av 1980-talet initiativ til samlingar for eldre med servering og sosialt samvær. Eldremiddagen vart første gongen arrangert 8.februar i 1990 i Sanitetshuset. Rett nok var det nokre meir uformelle samlingar i 1988 og 89, men Eldregruppa i Todalen vart stifta i januar i 1990, og sidan har eldremiddagen vore eit fast arrangement. Det første styret i Eldregruppa var Jon Lunde, Olav Moe, Margit Halle, Jenny Kvendset og Steinar Husby. Foto: Dordi Jorunn Halle
Les heile saka
I går kveld starta G14 STUK opp att sin serierunde etter at de vann samtlege innleiande kampar. Motstandar var CFK, og gutane vann til slutt 3-0, etter mange gode sjansar. Nytt i ungdomsfotballen (G/J14 og G/J16) er at ein får 5 minutts pause på sidelinja om dommaren gir gult kort.
Les heile saka
Alf Bretteville og Johanna Demker hadde etablert seg med gitar og PC i sjølvbetjeningsbua i Ishuset da vi stakk innom Todalshytta på tysdag – godt i gang med skrivearbeidet og serverte smaksprøver – og klimpra på gitaren attåt. Det var faktisk Johanna som hadde fått ideen til å dra til Todalshytta i lag med fleire kollegaer
Les heile saka
Bli med på ein lett trimtur til Røskattvegen, Storfossen, Hegbakkan og ned att attmed Romåa. Guide på turen er Trygve Halle. Oppmøte ved Heggøyann torsdag 4. juni kl 18:30. Ta på fjellsko eller andre gode sko, og ta gjerne med ein termos til kaffepausen under vegs. Arrangør er T.I.L. Trimgruppa
Les heile saka
Vi har tidlegare omtala boka om «Søyådalen» som hadde premiere i Bondehuset i Stangvika i helga. Den offisielle salsstarten er onsdag 3. juni, og den dagen vil dei tre forfattarane bli å treffe på NMS Gjenbruk (Landbrukshuset) på Skei frå kl 12.00 og utover dagen. Da er det berre å stikke innom og kjøpe boka – og få den signert av dei 3 forfattarane Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes, melder Stangvik historielag som står attafor bokprosjektet. Boka er også til sals hos Joker Kvanne, Matkroken L. Hals i Todalen og heime hos Erling Myrbostad i Austre Lia.
Etter et hvileår i 2014, hvor det ikke ble arrangert hagelagstur, var Surnadal Hagelag igjen på «banen» i år. Vanligvis har disse turene vært arrangert på lørdag, men i år ble det søndag
31. mai. I overkant av tjue hageentusiaster entret bussen ved kommunehuset, med avreise fra Skei kl 0700. Værutsiktene var ikke de beste, og underveis var regnelingene stadig frampå.
Les heile saka
Det er ikkje kvar dag det er hus til salgs i Todalen, men i dag finn vi faktisk eit bolighus på Finn.no som er lokalisert til boligfeltet i Husbygrenda. Det er Bjørnrud som no er lagt ut for salg, med ei prisantyding på 1.190.000. I tillegg til hovudhuset er det med garasje og uthus på den 1872 m2 stor sjølveigartomta.
Les heile saka
I samband med Vårsøghelgas bokcafe i Bondehuset lanserte Stangvik historielag si nye bok «Søyådalen – Utmarkshistorie frå Eidet». Det er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes som har vore forfattarar for boka som er på heile 320 sider. Det er eit omfattande arbeid som er lagt ned for å samle inn og systematisere all informasjonen, men resultatet har dei god grunn til å være stolte av.
Les heile saka